lørdag 16. juni 2012

ufrivillig kvalitetssjekk

Kl. 09.45 ein regntung laurdagsmorgon, etter ein kikk gjennom utvalet av nyvaska klesfiller; Det er observert ein lettare ør og fortumla body frå Småfolk mellom slitne klutar og mørbanka handkle, eit dynetrekk og eit par laken. Snike seg med i 60 graderen, den rakkaren - sannsynlegvis med vaskelappen godt gøymd... Men kva gjer vel det når kreasjonen er like fin, utan det minste teikn til krymp?! Det er med andre ord ikkje bare smekkene våre som toler meir enn dei prøvar å påstå!

1 kommentar:

  1. Sydama ropar HURRA for kvalitet!!! Æ det nokon andre som ropar med meg tru??

    SvarSlett