torsdag 17. september 2015

Tilstandsrapport etter fyrstereis på Dyrskun

Før me seier noko som helst anna, er det på høg tid å takke styreleiaren vår for makalaus innsats både før, under og etter marknadsdagane i Seljord sist helg! Vel har me kvar vår drill og ser slik toleg godt skilnaden på ein hamar og ein spiker, men ei trebu av slikt kaliber som det me fekk reist på Dyrskuplassen i forrige veke - DET hadde ikkje Sydama og Tøydokka fått til. Såpass må me innrømme. Me tar av oss hatten, bøyger oss i støvet - og prisar oss lukkelege over at Tøydokka gjorde slikt eit varp for temmeleg mange år sidan! Tøydokka sin far fortener òg ei stor takk, ettersom han velvillig stilte som riggemannskap og selskap i bilturen att og fram frå Seljord. Og svigermor Valborg, som dukkar opp med eit stort smil på fredags formiddag og sytte for å forhindre lågt blodsukker i form av overrekking av to rykande varme skillingsbollar med vaniljekrem!

Dyrskun. Inneklemt mellom firhjulingar, plommesaft, supersköna trosor i neongult, badeleiker og vadetøy - der kosa me oss glugg! Takka vore den vindstøe, vasstette bui vår, og ei campingvogn med fluktstol og sjokolade i, hadde me det både tørt og behageleg trass tidvis styrtregn og mange timar på to bein!

Me vil gjerne få seie TUSEN TAKK til alle som var innom oss i løpet av dei tre dagane. De har gjort til at det fristar å vera med på denne galskapen til neste år òg! No gledar me oss til å rigge om i andre høgda på Straume - og brettar opp ermane i påvente av vareleveringar på løpende band.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar