søndag 29. mai 2016

snart så økologiske at det gror planter opp mellom golvborda!

OK, så var det å ta litt vel hardt i... Likevel er me temmeleg så stolte over at ein stor del av det me sel deg over disken vår, er økologisk produserte klede. Men kva vil nettopp det eigentleg seie?

Økologiske klede er klede laga av fibrar (til dømes bomull, lin, silke eller ull) som er produsert økologisk, altså utan syntetiske kjemikaliar. Dei har fått vekse og blitt hausta inn utan bruk av giftige uhumskhetar, men med naturlege metodar for mellom anna å styrke jordkvaliteten og halde unna skadedyr. Ein uavhengig tredjepart (med andre ord verken bomullsbonden eller fabrikktilsette) må til for å godkjenne ein farm og produksjon som økologisk.

Om du finn merkjelappar som GOTS Standard eller Økotex Standard 100, kan du difor smile og klappe deg litt på skuldera. Det er nemleg slik at nokon leverandørar får lov til å saume fast desse merkjelappane på kleda sine og andre ikkje, Det vil det seie det same som at det er nokre klesplagg der ute som er giftfrie - og andre som definitivt ikkje er det.

I tillegg til økologiske klede, gjer det godt for samvittigheten at stadig fleire leverandørar kan skilte med rettferdig handel. Enkelt og greit vil det seie det same som at dei som gjer jobben for at kleda kjem ut i butikkane, får dei rettane og den løna dei har krav på. I tillegg får småprodusentar i u-land betre vilkår. Igjen kan det vere verd å tenkje på at det slett ikkje er ei sjølvfylgje.

Økologiske, "rettferdige" klede er gjerne litt dyrare enn andre klede. Kort og greit kjem dette av at økologisk produksjon generelt er dyrare enn andre driftsformer. Skal arbeidarane i alle ledd òg ha løn for strevet, vil det seie at me må ut med litt meir for eit plagg. Om du vel å gjere det eller ei, er ditt val!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar