søndag 31. august 2014

me har forelska oss i Kattnakken!

Her ser de utvalet vårt - med unnatak av ullbody (str. 80-98), med same mønster og fargar som ulltrøyene, samt rosa og blå sydvestar til små uværskråker! Me har tatt inn ein smakebit av varene, men fleire storleikar ligg klare på Kattnakken sitt lager og kan bestillast dersom ein ynskjer det. Huv gjerne ut i så fall - kremmarane i høgda står til teneste!









fredag 29. august 2014

haustsal i høgda!


Herlege kompisar frå Barefoot!


Endeleg er dei her! Ein uimotståeleg flokk fargerike, økovenlege kvalitetsleiker har tatt turen heilt frå Sri Lanka til Øyfjell!

Sauma for hand av handvove, naturfarga bomullstøy er kvart unike tøydyr ein sann fryd for sansane! Frie for lumske kjemikaliar, lause delar og limrestar, samt fylt med biologisk nedbrytbart materiale, er dei trygge og gode for små hendar å halde i - og gommar og tygge på.

Leikene har blitt produserte av selskapet Barefoot i over fire tiår. Kunstnaren og designaren Barbara Sansoni la i si tid grunnlaget for oppretting av eit samarbeid med ei kvinnegruppe frå Sri Lanka, som gjennom å lære seg kunsten å veva, farge og saume i dei flotte stoffa, kunne vera med på å brødfø familien sin. Barefoot kan difor med rette sjå på seg sjølve som stolte representantar av fair trade, i tillegg til å kunne skilte med kvalitetsprodukt som oppfyller internasjonale krav og standardar.

Finn di favorittleike frå Barefoot og gled deg over å vera eigar av ei generasjonsleike med sjarm og sjel!


søndag 17. august 2014

Kattnakken er på veg!



Bak dette nye klesmerket for born finn me vestlendingen Silje Vatne Ersland - norsk gründer, fotograf og produktspesialist på design av borneklede, hovudsakleg til utebruk. Silje har mellom anna vore produktutviklar for Troll Company, Reflex og Ugly og har 10 års erfaring med design, produksjon og vidareutvikling av klede til dei små. Med sitt eige merkje designar ho no klede på borna sine premiss. Kleda er laga for å vere gode å ha på, vere lette å leike og vere aktive i, samt verkeleg tole ein trøkk! Dei har på kort tid blitt lagt merkje til av både små og store, både grunna komfort og kvalitet.

 Me gler oss til å syne fram og ta i bruk kleda frå Kattnakken! 


lørdag 16. august 2014

fastspikra opningstider

Me har hatt eit aldri så lite samarbeidsmøte og lagt ein plan for opningstider framover.

Straumebui vil vere ope kvar laurdag og sundag - med unnatak av Dyrskuhelga - fram til jol. Fast opningstid er frå kl. 11-17.00.

Frå jol og fram til påske held me stengt, men me går slett ikkje av vegen for å slå til med ei ekstra opningshelg eller to i løpet av desse månadane! Me lovar både marknadsføring og vedfyrt bu i så fall.

Me gler oss til å sjå deg på Straumebui!

adopsjon av benk



Me adopterte sporenstreks ein gamal, gul kjøkenbenk som ingen andre ville ha for litt sidan, og det vert rapportert at denne - mot alle odds - har kome seg opp i høgda på Straumebui. Her kjem difor ei stor takk til dei to sterke karane som gjorde nettopp det mogleg! Og til Sydama, sjølvsagt - som stod for logistikk og tilbod om å assistere beremannskapet opp den noko bratte trappa vår (ein av karane kom i skade for å antyde at Sydama nok mest ville vera i vegen i løpet av denne prosessen, men ho bidrog nok sikkert på sitt vis). Ei aldri så lita ommøblering måtte til, og vil de sjå resultatet av denne er det ikkje anna på enn å ta turen til Straumebui i helga!

fredag 8. august 2014

me ventar på posten!


Det byrjar å bli skrantent i hyllene oppe i høgda. Det einaste som hopar seg opp er tome kleshengarar!

Sydama og Tøydokka gledar seg difor ekstra til pakke i posten, som er venta i desse dagar. Fleire pakker i posten, blir det - ettersom ferien er over for både Småfolk og Alba. Så snart varene er i hus skal me syte for å skråle ut!

tirsdag 5. august 2014

Purkene snur seg på Straume


Me har vore så heldige å fått karra til oss nokre eksemplar av den kritikarroste debutantboka til Kjersti Rorgemoen, Purkene snudde seg. Til helga legg me difor ei samling "røynlege brotstykke og grøtelege promemoria frå livet som Magna Bekk" ut for sal på Straumebui, og lovar i same slengen lattermilde møte med dyktige skribleri frå øyfjellingen sin penn (rett nok har forfattaren emigrert til Bergen for lengst, men me tviheld på ho likevel!). For dei av dykk som ikkje alt har hatt den store gleda av å møte denne Bekk, er det ikkje så mykje anna å gjera enn å kaste dykk over sjansen som byr seg no. Ikkje bare er ho vel verd å lese både ei og fleire gonger - boka i innbunde format er i tillegg utseld frå forlaget, så dei få pocketutgåvene som er att på marknaden bør snappast fortare enn svin(t).