tirsdag 3. november 2015

Straumemarken

Markensdag på Straume, det må vera tingen - slik ørlitegrann uti november? Det har i alle fall dei fire kremmarane landa på! Ein nokså liten marken, rett nok, men slike kan vera vel verd eit besøk. Litt trongt om plassen er kanhende einaste ulempa, men trongt om plassen må me innrømme at me håpar det blir! Me har rigga om både oppe og nede. Mest nede i denne omgang, rett og slett for å få plass til eit stadig større utval lokalmat. Her fins no både mjøl frå Hjartdal og müsli frå Den gode baker, tetøser og Lårdalshonning, eplemost og Kongen av Danmark. Lamapylse, Herefordkjøt og egg. Brau og kling. Og på laurdag òg sveler. Smakslaukane ropar hurra for Jorunn sine vidgjetne sveler!

Har du ikkje vore oppe i høgda på ei beite, bør du førebu deg på eit møte med krittida i det eine hjørnet. Dinosaurar har inntatt Straumebui, til stor glede for mange små gjester (Tøydokka kan anbefale dyra på det varmaste etter å ha hatt nokre eksemplar innlosjert over tid. Overraskande nøysame i kosten, stogereine og veloppdragne. Dessutan nærmast uslitelege). Her er ny forsyning ull frå Kattnakken og eit utval kvalitetsleiker til små og litt større. Påfyll av Lucie Kaas og ein alldeles nydeleg smakebit på keramikk frå Kvist rett rundt hjørnet - jolepynt i denne fyrste omgang. Litt for dei store, mest for dei små. Me håpar og trur du vil finne noko du likar!

I tillegg til alt dette blir det nybaka brød å få kaupt, heimelaga drops, spit og varer frå ei spennande elevbedrift! Me lokkar òg med småaktivitetar for dei som går lei av skravling, eting og handling.

torsdag 17. september 2015

Tilstandsrapport etter fyrstereis på Dyrskun

Før me seier noko som helst anna, er det på høg tid å takke styreleiaren vår for makalaus innsats både før, under og etter marknadsdagane i Seljord sist helg! Vel har me kvar vår drill og ser slik toleg godt skilnaden på ein hamar og ein spiker, men ei trebu av slikt kaliber som det me fekk reist på Dyrskuplassen i forrige veke - DET hadde ikkje Sydama og Tøydokka fått til. Såpass må me innrømme. Me tar av oss hatten, bøyger oss i støvet - og prisar oss lukkelege over at Tøydokka gjorde slikt eit varp for temmeleg mange år sidan! Tøydokka sin far fortener òg ei stor takk, ettersom han velvillig stilte som riggemannskap og selskap i bilturen att og fram frå Seljord. Og svigermor Valborg, som dukkar opp med eit stort smil på fredags formiddag og sytte for å forhindre lågt blodsukker i form av overrekking av to rykande varme skillingsbollar med vaniljekrem!

Dyrskun. Inneklemt mellom firhjulingar, plommesaft, supersköna trosor i neongult, badeleiker og vadetøy - der kosa me oss glugg! Takka vore den vindstøe, vasstette bui vår, og ei campingvogn med fluktstol og sjokolade i, hadde me det både tørt og behageleg trass tidvis styrtregn og mange timar på to bein!

Me vil gjerne få seie TUSEN TAKK til alle som var innom oss i løpet av dei tre dagane. De har gjort til at det fristar å vera med på denne galskapen til neste år òg! No gledar me oss til å rigge om i andre høgda på Straume - og brettar opp ermane i påvente av vareleveringar på løpende band.


lørdag 20. juni 2015

kremmarar på hjul i Kviteseid

Tenk at det fins stader som Kafè Hvidsøe..! Ei perle av ein plass, med ein akkurat passe stor hageflekk til å parkere ein Colchester med oransje magebelte. Her har han stått og kroa seg om kapp med kremmarane ein dag i sommarvarmen. Ein heil dag der lukta av syrin og herleg bakverk spring om kapp under ei heimesauma vimpelrekkje. Ei hengekøye å dubbe litt i. Ein bakhage som har pynta seg i den gladaste blåfarge. Ei kafèvertinne som smilande byr på kaffi og det som Tøydokka har bestemt seg for at er den beste kanelsnurren ho har smatta i seg. Det er slikt det går veldig lett ann å bli glad av. Tusen takk for i dag, Elisabeth!




ryddepikene


Kledd i blått og tjukt frå Helly Hansen, med provisoriske arbeidshanskar og ei nytent dugnadsånd, troppa Tøydokka opp utanfor Straumebui den kvelden myggen for alvor byrja å få ferten av Sydama sitt over gjennomsnittet søte blod. Ho kunne raskt konstantere at her hadde det skjedd saker og ting sidan sist. Eit slags utvendig ansiktslyft. Tre rykt opp med rota. Små tre, vel og merkje. Dei litt større brutalt fråskilt stubben sin. Thorhild som nådelaust peikar seg ut nye offer, med mål om utsikt til vatn.

Utstyrt med overdimensjonerte hagesakser og handsager kastar me oss inn i krigen alle tre, med motordur i bakgrunnen, styrt av ein tolmodig Knut som nikkar og jaha'ar og gjer som han får beskjed om (dels oppgitt og hovudristande vel inne att i maskina, kan hende, men likevel).

Frø og nyplanta hagevekstar ventar på regn. Ei sandkasse ventar spent på å bli fylt.

Me sender ei stor takk til nevnte Knut, Olav med motorsaga og styreleiaren vår som syter for trommeltransport - og dessutan for delvis nytt inventar i campingvogna før me skal ut på hjul.

Kva skulle me vel ha gjort utan desse tre??

mandag 1. juni 2015

Utviding av Gode Klode sitt Straumeunivers!

Kort frå Pernille som smakar sol og is og late feriedagar er på plass! Herlege sommarstrekar i format som passar like fint å sende i posten som å henge opp på veggen. Korta måler 15 x 15 cm, og kostar kr. 30,- med konvolutt. Klarar du ikkje å velje kva for eit motiv som skal få bli med deg heim? Rask med deg ei pakke med alle i, då vel! Ein pakke med tre sommarkort og tilhøyrande konvoluttar får du for kr. 75,-.




tirsdag 19. mai 2015

Straumebui fyller eit år!

Tenk at det snart har gått eit år sidan me opna dynnane på Straumebui! Eit heilt år fullt av glade kundar og kremmarar, trappetrim, vedfyring, auka brauproduksjon og lattermilde styremøte. Eit knippe nye leverandørar har i løpet av desse månadane fått innpass både i fyrste og andre høgda, og nytt hyllefyll har forhåpentlegvis sjarmert fleire enn oss!

Eit år er akkurat passe langt til at det fortener å bli feira. Og ingen av kremmarane takkar nei til noko slikt når sjansen byr seg! Difor inviterar me alt som kan krype å gå til Straumebui si jubileumshelg 20.-21. juni, og lokkar mellom anna med storsal, kakefest, opning av sandkasse og rebusløp. Rorge grendelag sel vaflar og kaffi, og me held fram med is frå Bjørge gard i finstoga.

Som me gledar oss til å feire oss sjølve!

søndag 5. april 2015

kjære påskegjester!


Store kremmarsmil vitnar om ei strålande fin påske - full av gjester, skravling og handel, slik på toppen av ski, sol og kram sno! Tusen takk til alle som har vore innom oss desse dagane! 


tirsdag 17. mars 2015

Frk. Plomme på besøk!


Ho legg fem kvardagskort om "...somling, noen snøfnugg, smuler og kaffe" i ei pakke, klistrar igjen - og pakkar ei til! Opptil fleire, faktisk - som alle mannar seg opp til å ta posten heilt til Øyfjell! Der pakkar me ut, og så skulle alt vere klart til at du kan koma og sjå dei med eigne auge.

Slik kort er så fine, veit du. Treng ikkje sende dei frå deg att, ei gong! 



mandag 9. mars 2015

Så var det gjort!


Nokre få tastetrykk, og dermed er det bare å lade opp til kremmarhelg i september! Me skal syte for å informere om kva for ein bokstav me kjem til å lande på, slik at du har sjansen til å finne oss i mylderet. Sydama og Tøydokka grugledar seg!

På'n igjen!

Ja, ja folkens - så er det snart på'n igjen! Og som me gledar oss! Dagane og vekene går fort fram mot påske, og samtidig med at fleirfarga, proppfulle påskeegg, Kvikk-lunsj og appelsiner gjer sitt inntog, opnar me igjen dørene til Straumebui.

Dei fyrste nye varene er alt i hus, pakka opp og prisa av Sydama. Utover våren ventar me stadig forsyningar - til og med leveransar av produkt som aldri før har sett sine bein (?) på Straume. Me avslører ikkje så fælt mykje på noverande tidspunkt - anna enn at du har mykje å sjå fram til!

tirsdag 13. januar 2015

pakke ned...og litt opp!

Varene er talt opp, pakka ned og flytt litt på. Det er uvant tomt i Straumebui, som no ligg og slumrar under ei tykk, kvit snodyne. Heilt i dvale er ho imidlertid ikkje. Seinast i dag dukka det opp ein standhaftig, snomåkande, smilande kunde som hadde forelska seg i den eine House of Rym koppen ho hadde kjøpt inn siste opningshelga, og som ikkje fekk ro på seg før eit knippe koppar og skåler til var i hus. Slikt likar me! Tusen takk til deg!

Det meste av det mjuke varelageret vårt er på ferietur, men gledar seg alt til å koma heim att til påske! Her går det òg ann å snoke rundt på skattejakt, slik ein kremmarkjenning spurte om lov til i helga. Tusen takk til deg òg!