fredag 4. juli 2014

...og om litt er kaffi'n klar

Kva er vel ikkje betre for ein liten arbeidskar eller -kvende enn ein kaffikopp, Vest-Telemark Blad og to blingsar på morgokvisten?

Tøydokka har fått eit bittelite innfall, og tatt ein lynkjapp date med både bandsag og symaskin. Resultatet vart som det alltid blir - litt på halv åtte..! (det vart grovbrød, for å seie det slik - overstadig bruk av pussepapir er oppskrytt)

I alle tilfelle ligg det eit par ferdigsmurte nystepakker på disken i morgo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar