onsdag 17. februar 2016

Hurra for sesongstart!

Den opprinnelege planen var å lugna ner lite i år. Opne til påske. Stenge att fram til juni. Men så vart det ikkje heilt slik når alt kom til alt. Kremmarlivet frista tidlegare enn tenkt - trass uhorverleg mange minusgrader og ei gjenomklaka Straumebu! No sparkar me i gang sesongen laurdag 20. februar - og held det gåande kvar helg ut året!

Kremmarane nede i fyrste går og gnir seg i hendane over at det for ei gongs skuld er langt meir kaos oppe enn nede slik nokså rett før me skal opne dynnane! Sydama og Tøydokka pustar frostrøyk og legg i ovnen. Kler seg i tre-fire lags ull og tek to luver oppå kvarandre. Skreller deretter av lag på lag etter nokre turar opp og ned trappa med nye varer, skuving på skåp og småkrangling med stridige skruvar.

Me fyller bui att med både gamalt og nytt! Under serverar me ein aldri så liten potpurri av noko av det som er å finne i hyllene våre framover. Me gler oss til å vise deg alt saman!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar