tirsdag 7. februar 2012

Den som ventar på noko godt...

Når ein av dei to kremmarane traskar rundt anten på toppen av Kilimanjaro eller på ei brukbart idyllisk strand på Zanzibar, og den andre oppheld seg på langt meir heimlege trakter og skifter bitte små bæsjebleier i tjukk ammetåke, seier det seg sjølv at det blir smått med tid til bisniss..! Me har imidlertid store planar om å kome langt sterkare tilbake, og gledar oss no veldig til me mottar fyrste sending frå Småfolk om ikkje så altfor lenge! Då er det etter kvart duka for offisiell opning av Om att – litt på halv åtte, ei opning det skal ose brask, bram, konfetti, bollar og brus av! Smør dykk med eit tjukt lag tolmod og vent i spenning til me bestemmer oss for å opne dørene!