mandag 28. mai 2012

skiltet vårt er i boks (les; tønne)

Ein rimeleg kjapp diskusjon rundt krav til god marknadsføring, enda opp i eit samstemt JA frå båe kremmarane til eit skilt ved vegen.

Og kva høver vel betre til eit slikt formål enn eit avdanka oljefat, som forventingsfullt låg og tvinna tommeltottar?


Me sender ei stor takk til tøydokka sin nabo, Knut Arne - som ikkje berre velvillig har forært skiltmaterial, men òg eit uvisst antal hesjestaur (som no lever livets glade dagar som byggeklossar). Storsjarmøren Endre inspiserar her resultatet, og ut frå smilet å døme stemplar han "godkjend"
 

tirsdag 22. mai 2012

me fyller opp hyllene!

Nye varer, folkens! Nye belgiske godsaker til store og små ligg no og ventar på at du skal ta turen til Åheim! Me held som vanleg tysdagsope frå kl. 18.00-21.00 - tak med deg nysgjerrrigheten og kom!

mandag 14. mai 2012

me har lært oss eit nytt ord

"Recipro" - synonymt med vidunderverktøy. Utstyrt med denne vesle sinnataggen av ei maskin, gjekk me i dag til åtak på eitt av kjøkenskåpa i vår kjære Colchester. Og jammen måtte det ikkje gje etter for den innbitte demonteringstronga vår - skruve for skruve! One down, two to go. Vokabularet vårt vart faktisk ytterlegare utvida etter eit besøk innanfor dørene på etablerarkontoret ved Vest-Telemark Næringsutvikling, der me fekk servert velsmakande drops og oppbacking (i tillegg til litt å bite neglar for..!). Til alt overmål har me òg rukke å stifta kjennskap med Lidvar Arvesen pr. telefon - så no nærmar det seg kortterminal, godtfolk!

torsdag 10. mai 2012

mandag 7. mai 2012

tysdagsope!

Me fleskar til med tysdagsope, frå og med i morgon! Mellom kl. 18.-21.00 er du meir enn velkomen innom Om att - litt på halv åtte. Og inntil Colchester'n er klar for landevegen, finn du oss fortsatt på Åheim. No skal me til og med få oss skilt ved vegen, slik at det går ann å finne oss!

operasjon Colchester

I dag gjekk to stk kremmarar til verks med drill, hamar og fire ivrige nevar. Målet er at Colchester'n skal ribbast innvendig, men skal sei han stritta godt imot! Legg me godviljen til er me snart halvvegs... Likevel - med utsikter til lån av ei sag som på mirakuløst vis gjev seg i kast med gjenstridig campingvogninventar og tvingar rustne skruvar i kne, er me enno ved godt mot!

søndag 6. mai 2012

Om att på mai-sprell

snart avreiseklar

Strykejernet kom til rette i dag tidleg - men sjølv om tøydokka imponerte seg sjølv med å bli nesten ferdig til avreise, så er "nesten" ikkje nok...

Kjolen får ligge att og godgjera seg på stogebordet, så får kvelden gå med til siste finish! Vil forresten understreke at sjølv om det kanskje kan virke som at mønsterarket her er med for å imponere
ytterlegare, så har dette faktisk vore fast fylgesvenn under denne produksjonen!

lørdag 5. mai 2012

øvelse gjør mester...

... og som me øvar! Men kva hjelper vel det, når strykejernet med eitt får lyst til å leike gøymsel? Og attpåtil viser seg å vera ein kløppar i akkurat det..? Då blir det fint lite sjvung over "Press sidesømmene", gitt! Medan Tøydokke Anna endevender hus og heim, tikkar det inn ei melding frå Sigrid Sydame. Kjolen der er i boks - om enn i str. hest... Klokka går mot leggetid for travle sydamer, og etter å ha vurdert resultatet av kveldens arbeidsøkt, prisar me oss lukkelege over den rullande forretninga vår sin undertittel. Det ser ut til å bli "litt på halv åtte" kvar gong me benkar oss til framfor symaskinene. Tøydokke Anna brettar ihop ein halvferdig sommarkjole, og vurderar sterkt å gå over til snekkaravdelinga på permanent basis. Der er ein iallefall ikkje avhengig av pressa sidesaumar. Eit kjapt blikk bort på Pfaff'en lettar på humøret - for moro er det lell! Bare det strykejernet kunne få seg til å gje eit lite pip!

torsdag 3. mai 2012

sigrid sydame fiksar biffen!

Som fleire har gjort oss merksame på, har det ikkje gått så greit å få kome til med ein kommentar eller to til bloginnlegga våre. Lettare fjetra som me er av all denne teknologien har me hittil svara med eit uvitande skuldertrekk - men nu har det blitt andre boller! Sigrid har tatt affære og bruka lesedagen sin før heildagsprøve i matematikk på å opne opp for anonyme innlegg (tidlegare måtte ein visstnok registrere seg i hytt og vær for å publisere eit skribleri). Dukkar det opp andre datarelaterte problem i tida framover, veit de med andre ord kven de tar kontakt med. Som de ser har anonyme Sigrid lagt til ein kommentar under gårsdagens siste innlegg - kledeleg beskjeden, sjølvsagt..!

løp og kjøp, godtfolk!

onsdag 2. mai 2012

bare slik for å vera heilt på den sikre sida...

... me var altså fiffige nok til å legge inn ei aldri så lita kopling til nettopp Øyfjell si eiga nettside i forrige innlegg, men det var kanskje ikkje så lett å sjå. Ho blir difor servert nok ei gong - trykk her! Då skulle me ha vårt på det reine. Eller er det tørre?

bli med på mai-sprell!

Fyrstkomande sundag, 6. mai pakkar me heile gesjeften ned i fire-fem koffertar og siktar oss inn på Galleri Straume. Damene her har bestemt seg for å prise våren, og har invitert oss med på mai-sprell!Den gamle frue satsar på å samle både fregner og kundar utandørs og klemmer til med halv pris på alle varer. Om ikkje småfolket i familien bryr seg stort om det, kan du eventuelt friste med sjansen til å kvitte seg med litt futt i hoppeslottet! Les meir på Øyfjell si eiga nettside

tirsdag 1. mai 2012

litt for populære traktorgenserar

Me har trygla Småfolk om å finkjemme lagerlistene sine for traktorgenseren som har vore så populær -og fekk i dag nedslåande nytt... Genseren er utseld i både blått og grønt, og er difor ikkje å få tak i lenger. Me lovar imidlertid å ha augene godt med oss og sikre oss eit stort antal av eventuelle slektningar i framtidige kolleksjonar.