onsdag 31. juli 2013

ei ørlita presisering

Tøydokka kom i skade for å uttale seg om at vårt einaste alibi for eigenproduserte varer hadde foretatt eit eigarskifte sist laurdag, utan å presisere at dette gjeld saum.

Sydama har sjølvsagt lura inn ei hekleøkt eller to mellom matematiske utrekningar og svette eksamenar i Grimstad, og klaska eit knippe herlege gryteunderlag i disken for ei tid tilbake. Du kan sjå dei der dei ligg og blømer, omtrent midt i biletet. I påvente av at me får i gang symaksinene att føreslår me at du kokar deg opp noko varmt og nyt det, medan kjelen kviler på eit av desse!

mellom lappar og løppur

Aldri har me vore ute i så god tid! Var på plass, ferdigrygga, utpakka og klare til dyst før klokka slo elleve og bygdedagen i Åmotsdal 2013 offisielt var i gang - tenk det! Med sola toleg jamnt steikande vart det ein fin-fin sommardag. Me pendla mellom solvegg, campingvogn, loppemarknad og mattelt - der me var så heldige å få forsyne oss fritt. Kan to kremmarar på hjul ha det betre?? Neppe.

Då me trilla oss ut frå parkeringsplassen tidleg kveld (med tre velfungerande sommardekk og eit stk knatrande piggdekk grunna ei uventa punktering (når er punkteringar venta?)), kunne me oppsummere ein langt over middels triveleg og innbringande dag. Tusen takk for at me fekk koma til Åmotsdal, og til alle som var innom oss der!

(Det einaste alibilet vårt med tanke på eigenprodusere kreasjonar, forlet vogna denne dagen, og kremmarane innser no at det er på høg tid å få fart på symaskinene. På veldig høg tid).