søndag 29. april 2012

ein munter kremmar og ei muggen toalettmappe

Ein stykk kremmar er vel heime att etter marknadsdag i Lårdal - midlertidig solmett og i sommarstemning. Ein blir gjerne det av 17 varme i april! Jebsen og Jolenissen, våre to hardtarbeidande koffertar, ligg fortsatt og rugar på tøyplagg - dei òg godt nøgde med dagens utflukt. Den einaste som er sur og tverr er toalettmappa Anna tenkte ho skulle få gjort ferdig slik i aller siste liten i dag tidleg. Dette med trykknappar viste seg å ikkje vera ei enkel affære, og fem på halv reisetid måtte det konstanterast at denne nok må få merkelappen prøveklut, og difor vera att heime. No ligg ho og furtar og ynskjer seg knappar på dei rette stadane

torsdag 26. april 2012

det er lov å la seg friste..!

Panikkproduksjon og atter panikkproduksjon

Kvifor lærer me aldri? Det tar TID å saume noko som ser slik nogenlunde ut... Lang tid, tar det gjerne! Klyppe beint må ein og stryke alle slags tenkelege kantar og spole undertråd til det ryk av maskina... I håp om å ha eit brukbart utval eigenproduserte varer på vårmarknad, er det imidlertid bare å krype til korset - eller i dette tilfellet syskrinet. Ein voksduk skal om ikkje anna få prøve seg som toalettmappe. Om ho bare blir ferdig før sundag..!

snok i krikar og krokar...

 

Kom til oss på skattejakt
- og sjå om du finn noko
uhyggeleg snasent eller beint fram hæsleg!

onsdag 25. april 2012

kalkulere, addere, subtrahere, multiplisere, prioritere..!

Me har svetta oss fram til rykande ferske bestillingar, folkens - og satsa framtidige lønsslippar og oppsparte småslantar på at nye ladningar med klesplagg fell i smak! Små og store frøknar må kunne seiast å ha blitt høgast prioritert denne gonga, sidan gledeleg mange har spurt etter fleire skjørt og kjolar. Du og du, så fine me kjem til å bli! Elles er det verd å nemne at me har drista oss til å utvide bokssortimentet vårt, samt fleska til med postkort, memory og puslespel frå Froy & Dind. Gledar oss til store pakker i posten!

søndag 22. april 2012

Gjesteopptreden i Lårdal

Me vel å kalle oss headhunta til Vårmarknad i Lårdal, og går rundt og er umåteleg krye over å vera akkurat det. Neste sundag, 29. april, stuar me bilen full av det Om att har å by på, og så gjev me flat pedal på veg ned til våryre Lårdølar! Litt trasig at bestillingane me no sakte men sikkert snekrar ihop ikkje er oss i hende innan den tid - men desto meir å glede seg til i løpet av mai!

fredag 6. april 2012

snakk om lekker, liten sak!

Colchester'n står no bare og trippar etter å vise seg fram. Ein vask og ei real ommøblering innvendig lenger fram i tid, og me er trilleklare! Be prepared, Vest-Telemark!