mandag 30. juni 2014

nytt hyllefyll i sikte

Me vil ikkje røpe altfor mykje, men kan fortelje såpass at det handlar om noko økologisk, fargesprakande og handlaga frå Sri Lanka - proppfullt av personlegdom og av høg handverksmessig kvalitet!

Det er òg verd å nevne at heile årsaka til det komande innkaupet er noko slik som 25 år gamal, og botnar i Tøydokka og hennar veslesyster sin store fascinasjon for ei tøyleike med rutete kjole og snøresko. Gled dykk!

søndag 29. juni 2014

kan hende er det du som blir ein heldiggris?

Tøydokka gledar seg gruleg til komande arbeidshelg på Straumebui. Ho håpar og trur at ho ikkje blir gåande der i tommeltvinnande einsemd, men ein veit aldri. Ho vel difor å leggje ut litt ekstra lokkemat. Bare slik for å vera på den sikre sida. Alle som er innom oppe i høgda og handlar for over 250,- kr. i løpet av helga som kjem, er med i trekking av eit gåvekort. Du og du, så spennande!

fredag 27. juni 2014

rett skal vera rett..!

Beklager, Thorhild - din andre h har vore fråverande i tidlegare innlegg, men no er han på plass. Må sei ifrå om slikt, må vite! Språkpirkaren Tøydokka pådrog seg nesten tarmslyng då ho oppdaga fadesa..!

torsdag 26. juni 2014


Fyrstkomande laurdag og sundag er det Thorhild som er sjefskremmar på Straume. Ho tar imot store og små og ynskjer velkomen til handel og vandel mellom kl. 11-17.00. 

søndag 22. juni 2014


- til alle som har vore innom oss denne helga og dermed klara å karre seg opp trappa vår, som førebels innfrir sørgeleg få HMS-krav..! Tusen takk for at de har gitt uttrykk for at de likar det de ser - for smil, entusiasme og godord! Tusen takk for blomsterhelsingar - både ville og tame! Tusen takk til alle som har bistått med ei hjelpande hand (eller fot) i forkant av opningshelga - og til alle dykk som me veit at hadde kome til å bistått om de bare hadde hatt høve til det! Tusen takk til Thorhild og Knut, som har servert oss sjansen til å vera kremmarar i eit butikklokale som det knapt fins maken til!

Me har storkosa oss på Straumebui i lag med dykk og gler oss til fortsetjinga!

ein snikkikk inn i krypinnet vårt




me spretter champagnen!



 - og frydar oss frå hårrøtane til tåspissane over at Straumebui på ny kan ynskje små og store 
velkomne innomhus!

fredag 20. juni 2014

flyttelasset er i hus!

Det er snodig greier. Trur du ikkje me har klara å fylle to heile rom i Straumebui med det me brukar å drasse land og strand rundt med i ei lita campingvogn?

Sydama har drilla seg ør i heile dag og fått opp kasser og krokar på tidlegare nakne tømmerveggar. Tassa opp og ned ei rimeleg bratt trapp med koffertar og øskjer, måla ein skvett, stabla og spikra. Styreleiaren har velvillig - og nok ei gong - stått for innkaup, montering og kopling. Tøydokka kom halsande etter jobb og bidrog på sitt vis med oppakking, skuring og hesjestaur. Ho viste seg til og med (særs overraskande) å vera høg nok til å kunne bistå med enkelte opphengsoperasjonar.

No står bui der. Ventar utolmodig, sterkt grønsåpeluktande og smilande på morgodagen. Omtrent som Sydama og Tøydokka, kanskje bortsett frå den såpelukta.

onsdag 18. juni 2014

ut med gamal lort!

Tøydokka har returnert til Straumebui og klara i kveld å vaske seg ut - takka vore solid innsats frå Pernille og Live, samt eit par vaskekostar, nokre flasker med grønsåpe og eit knippe no utslitne klutar! Rapport er avlagt Sydama og i morgo gjer me oss klare til å køyre flyttelass!

mandag 16. juni 2014

vekk med kosten - inn med filla!

Det går rykte om at Sydama i dag sa seg nøgd med målarinnsatsen - og eit solid klapp på hæri blir med dette overlevert! I takt med at målingsdunsten sakte men sikkert vert lufta ut i sommarvarmen, gjer Tøydokka og kulemagen seg atter klare til dyst. Snart skal det vaskast!

onsdag 11. juni 2014

disken er i hus!

Sjekk ut denne kompisen!

Ei openbaring av ein disk, forært av eit par langt over gjennomsnittet gåvmilde. Jorunn og Karl Inge må no kunne seiast å vera på lik line med dei to andre velgjerarane våre, Jorunn og Magne - som for ei tid tilbake forsynte oss med vår elskede Colchester!

Tøydokka kan faktisk enno hugse dette fargerike innslaget av ein kjøkenbenk frå dei gongene ho var på besøk på Rorge i sin barndom, og fekk dermed litt nostalgi med på kaupet i kveld.

Men ikkje nok med at me har fått verdas herlegaste disk i fanget, det vanka nemleg intet mindre enn ytterlegare to benkar og eit skåp frå Jorunn og Karl Inge sin kjellar - alle like fenomenale. Me er over oss av begeistring, og har byrja skureprosessen med kjærleg hand.

Ei stor takk òg til Knut, som velvillig stilte opp med heisekran for å få inventaret vårt i hus, samt Live - som stilte fiskebollane sine til disposisjon! Tre gonger tre hurra for dugnadsvilje og gjevarglede!

torsdag 5. juni 2014

Sydama fører an i siste innspurt

Tøydokka førebur seg på å trekke seg midlertidig tilbake, ettersom målingsos er lite foreneleg med kulemage. Sydama tar utfordringa på strak arm, og så snart me har bestemt oss for farge gyv ho laus med kost og pågangsmot! 

Det nærmar seg nyopning, folkens! Spre det glade bodskap!


tirsdag 3. juni 2014

skrapehysteriet tar oss!

Utstyrt med Thorild sine trufaste to skraper, støvmasker frå Pernille, to nister med påfallande hermegåsfakter og havrekjeks til Tøydokka, gauv me laus på siste innspurt før nedvasking.

Det blir støv av skraping. Mykje støv. Såpass at Sydama nesten mista det ho har att av syn. Men me kom i land nesten kjappare enn forventa (mykje takka vore strålande dugnadsinnsats frå frua på Skolåsen) og står no og trippar etter å ta fatt på veggar, tak og golv med industristøvsugar, såpe og vaskeklut.

søndag 1. juni 2014

framtidig treningsfenomen?

Skraping av golv viste seg å vera like svetteframkallande som ei treningsøkt med over middels muskelinnsats. Anar me ein komande hit på treningsfronten?