onsdag 11. desember 2013

så fint at det gjer vondt!





Det einaste, vesle skåret i gleda er at kleda du her ser bilete av høyrer til tidlegare kolleksjonar... Med andre ord får me nøye oss med å kvile augo på akkurat desse plagga - og heller glede oss vilt og uhemma til kva me snart har i vente!


tirsdag 10. desember 2013

siste krampetrekning før joleferie

 
Ja, Tøydokka tar det med ro.
Dette her er litt slik Flåklypaaktig, tenkjer ho der ho tassar rundt og pakkar ut att bui etter marknadshelg, med god hjelp av sine eigne variantar av Solan og Ludvig. Dei går no her alle tre - to små og ei litt større - og tumlar med sitt i påvente av at det kjem gjester og kakkar på døra. Snart er det ikkje lenge før Sydama får joleferie (Sydama - må bli Ben Reddik Fy Fasan, det då?!). Då blir dei fire til å stuke og stelle - og me kan difor delvis garantere at ting er på stell til siste innspurt før jolefreden senkar seg over alle og ein kvar! Stikk gjerne innom oss før den tid!

søndag 8. desember 2013

gryande jolestemning

Sydama og Tøydokka trippar av forventing om dagen (for Sydama sin del skuldast det beklagelegvis delvis av eksamensnerver). Det nærmar seg jol, må vite - og enn så lenge ligg snoen tykk og kvit. Hadde ikkje Tøydokka jolefryden på plass før, så fekk ho han iallefall på plass i går, då ho var med på jolemarknad i Høydalsmo. Ormbrekk gard i den blåaste blåtimen er eit syn du burde få med deg - så var du der ikkje i år bør du sikre deg synet til neste år!



Spennande nytt frå Lucie Kaas er rett rundt hjørnet. Me gledar oss stort, og håpar me ser deg i dei dagane det er att før me tar ein liten joleferie!