lørdag 20. juni 2015

kremmarar på hjul i Kviteseid

Tenk at det fins stader som Kafè Hvidsøe..! Ei perle av ein plass, med ein akkurat passe stor hageflekk til å parkere ein Colchester med oransje magebelte. Her har han stått og kroa seg om kapp med kremmarane ein dag i sommarvarmen. Ein heil dag der lukta av syrin og herleg bakverk spring om kapp under ei heimesauma vimpelrekkje. Ei hengekøye å dubbe litt i. Ein bakhage som har pynta seg i den gladaste blåfarge. Ei kafèvertinne som smilande byr på kaffi og det som Tøydokka har bestemt seg for at er den beste kanelsnurren ho har smatta i seg. Det er slikt det går veldig lett ann å bli glad av. Tusen takk for i dag, Elisabeth!




ryddepikene


Kledd i blått og tjukt frå Helly Hansen, med provisoriske arbeidshanskar og ei nytent dugnadsånd, troppa Tøydokka opp utanfor Straumebui den kvelden myggen for alvor byrja å få ferten av Sydama sitt over gjennomsnittet søte blod. Ho kunne raskt konstantere at her hadde det skjedd saker og ting sidan sist. Eit slags utvendig ansiktslyft. Tre rykt opp med rota. Små tre, vel og merkje. Dei litt større brutalt fråskilt stubben sin. Thorhild som nådelaust peikar seg ut nye offer, med mål om utsikt til vatn.

Utstyrt med overdimensjonerte hagesakser og handsager kastar me oss inn i krigen alle tre, med motordur i bakgrunnen, styrt av ein tolmodig Knut som nikkar og jaha'ar og gjer som han får beskjed om (dels oppgitt og hovudristande vel inne att i maskina, kan hende, men likevel).

Frø og nyplanta hagevekstar ventar på regn. Ei sandkasse ventar spent på å bli fylt.

Me sender ei stor takk til nevnte Knut, Olav med motorsaga og styreleiaren vår som syter for trommeltransport - og dessutan for delvis nytt inventar i campingvogna før me skal ut på hjul.

Kva skulle me vel ha gjort utan desse tre??

mandag 1. juni 2015

Utviding av Gode Klode sitt Straumeunivers!

Kort frå Pernille som smakar sol og is og late feriedagar er på plass! Herlege sommarstrekar i format som passar like fint å sende i posten som å henge opp på veggen. Korta måler 15 x 15 cm, og kostar kr. 30,- med konvolutt. Klarar du ikkje å velje kva for eit motiv som skal få bli med deg heim? Rask med deg ei pakke med alle i, då vel! Ein pakke med tre sommarkort og tilhøyrande konvoluttar får du for kr. 75,-.