søndag 26. oktober 2014







stripete, prikkete, rutete, blomstrete...


Eit utval washi tape frå OMM design bør vera like om hjørnet! Glade rullar som har potensiale til å setje ein fargerik prikk over i'en på ein kvar joleverkstad!

mandag 20. oktober 2014

Ny ladning tøykompisar like rundt hjørnet


Det er kan hende litt snodig å gå og smile over eit skrantent utval, men det faktum at det nærmar seg tomt for tøyleiker hjå Om att vitnar om at det er fleire enn oss som har latt seg sjarmere av dei fargerike kompisane! No er ny bestilling sendt, og går det som sist er det ikkje lenge før me har ei pakke frå Sri Lanka i posten!

søndag 19. oktober 2014

Me fyller opp i hyllene...


...og håpar på at store delar av hyllefyllet forlet bui som komande gåver under strålande vakre joletre! Helga 8.-9. november sparkar me i gang jolehandelen på Straumebui! Thorhild har erklært seg joleentusiast over alle joleentusiastar, og Sydama og Tøydokka fylgjer hakk i hæl. Me gledar oss til bjelleklang, noko rykande varmt i koppen, kan hende ei og anna snofille - og ikkje minst til å sjå deg innanfor dørene våre!

lørdag 11. oktober 2014

nytt i vente!

Sydama og Tøydokka klarar ikkje dy seg... Til det er det altfor mykje snasent der ute! No har dei slått kloa i noko leikande lekkert, men ventar litt med å introdusere det nye hyllefyllet. Til ei ordre er heilt i boks i det minste! Men det er noko som er verd å vente på, det er det ingen tvil om!