fredag 26. oktober 2012

pakka og klar for Handelsmøte i Gamleveg!


I morgo, laurdag 27. oktober, brakar det laus att - historiens tredje Handelsmøte i Gamleveg går av stabelen! Tøydokka står parat med butikkinventaret i kremmargarasjen mellom 12-15.00. Forutan alt det ho har med seg i kofferten, har du sjansen til å kapre gamalt og nytt frå Overfloden Brukt & Antikk, saum og spit, Lårdalshonning og filleruggur, Kristin sine eigenprodusera smykke, brød og bakst frå Gro, bålkaffi og kaker på boks!

tirsdag 23. oktober 2012

Styreleiaren til teneste

Tøydokka får akutt behov for å lea på flesket denne tysdagskvelden, og bestemmer seg for å svette og slite fram til i åttetida. Ho er fullt klar over at det er tysdagsope, og hadde det ikkje vore for ein særs serviceinnstilt styreleiar hadde det nok ikkje blitt noko etterlengta trening. Men altså, fram til litt over åtte i kveld er det styreleiaren som tar imot tysdagsgjester i døra. Vel møtt!

lørdag 13. oktober 2012

Tøydokka er treg av seg...


...men ho har faktisk hatt varene på plass innomhus i godt over ei veke alt! Ho er ikkje redd for besøk heller, så har du tid og lyst svingar du innom på tysdagsope! Fyrstkomande blir det bollar og brus i anledning nyanskaffa kortterminal (bollar, om ikkje anna - i håp om velsmurd tolmod i fall teknologien sviktar oss!)

Tamtarataaa! Spa på Åheim!

Du las så rett, så rett - fyrstkomande laurdag, 20. oktober, kl. 18.30, fristar Tøydokka og Sydama med spa i Sydokkekåken! Sydokka har, beskjeden som ho er, påstått at me ikkje kan love verken varme eller kalde kjelder. Her er det imidlertid på sin plass å poengtere at sjølv om varmtvasstanken på Åheim er urovekkande liten, samt at me her lir av mangel på badekar, syter likevel kulda som har kome snikande rundt hushjørna for at alle som vil skal få sjansen til å bade i kalde omgjevnadar!

Innandørs har du mellom anna høve til å få ein demo på galvanisk spa. Fristar tanken bør du kaste deg over telefonen og huve det ut til Sigrid Sydame (46 43 00 41) - her er ikkje flust med plassar, så fyrstemann-til-mølla-prinsippet rår!

Triv tak i ein ven eller to og set av laurdagskvelden til spa! Men kva med Om att oppi det heile?? Roleg, bare roleg - me pakkar sjølvsagt Jebsen og Jolenissen stuvande fulle av Småfolk, Ugly og Froy & Dind - og lovar at dette er på plass i lag med den nye makkeren vår, kortterminalen!

mandag 8. oktober 2012

Tøydokka tek haustferie!

Om det ikkje akkurat blir å plommeplukking ho bedriv tida si med, er det iallefall til Hardanger ho vender nasa i morgo tidleg! Med andre ord kjem eventuelle tysdagskundar til låst dør... Her kjem difor ei sterk oppfordring til å utseta handlerunden til helga som kjem! Tøydokka er tilbake fyrstkomande torsdag kveld!

fredag 5. oktober 2012

tom for lommerusk??

Itte no' problem - no tar me kort!! Ei særs hyggeleg utsending frå kontorrekvisittsguruen Lidvar Arvesen, fann i går vegen til fjellbygdane med ein flunkande ny kortterminal til oss. Tøydokka er litt svett i hendane over all denna teknologien som trenger seg på, men innrømmer glatt at dette nok kjem til å kome godt med framover. Det er bare å pusse bankkortet, folkens!

onsdag 3. oktober 2012

Colchester'n under tak

Temmeleg så snart ventar ein real omgang med såpevatn, før Colchester'n rullar innunder tak for vinteren. Som næraste nabo til Sydama står han trygt, varmt og godt til det er duka for ein ny rullande-butikk-sesong ei gong utpå vårparten. I mellomtida har rubbel og bit av mjukt campingvogninventar funne seg til rette i Tøydokka sin residens - og her er du like velkomen som du var i Colchester'n!