mandag 17. desember 2012

nostalgiske jolekort - det er enno ikkje for seint!








ikkje ferdig med jolehandelen?

Nei, men så tak turen innom oss på Om att i morgo, då vel! Me kan nærmast garantere at du sikrar deg pakker under treet!

Litt på halv åtte set me døra på vidt gap, og inviterar deg inn til rykande ferske varer frå Froy & Dind, inspeksjon av relativt nyinnkjøpte klesstativ, ein kopp eller fleire med gløgg, og -20 % PÅ ALLE BUKSER!

Er lommeboka slunken? Ta turen likevel! Det hadde vore så koseleg med ein skravlings!


proppfull bil på veg til jolemarken!


mandag 3. desember 2012

hald av tysdag 11. desember!


Me held som vanleg tysdagsope på Heimlid, men går i tillegg for høg adventsfaktor, eit aldri så lite gåvedryss - og forhåpentlegvis nye varer frå Froy & Dind!

Tusen takk...

... til alle som tok delar av jolehandelen hjå Om att - litt på halv åtte i løpet av helga! Fyrstkomande sundag finn de oss på jolemarknad i Byrte - fortsatt utan campingvogn, men med proppfull bil!

mandag 26. november 2012

Desse går unna!




bli onsdagskunde denne veka!

Tøydokka er nemleg på bytur i morgo! Trass i at styreleiaren stiller opp som butikksjef i morgo kveld, kjem her ei oppmoding om å legge handleturen til onsdag i staden!

mandag 12. november 2012

Morgodagens Røvarkaup!

 

Heil dress frå Småfolk til kr. 190,-. Intet mindre enn eit varp! Tøydokka håpar på besøk av deg i morgo kveld!

alt-mogleg-filla



Det forundrar oss stadig at det dukkar opp eit nytt, potensielt bruksområde for dette vidunderet av ei fille så godt som kvar gong det er nye gjester innom!

Forutan gulpeklut, kosefille og kjøkenhandkle, kan ho tydelegvis òg nyttast som pubklut, tøybleieinnhald, trekantsjal og duk.

For lusne 49,- kr. er ho di!

fredag 26. oktober 2012

pakka og klar for Handelsmøte i Gamleveg!


I morgo, laurdag 27. oktober, brakar det laus att - historiens tredje Handelsmøte i Gamleveg går av stabelen! Tøydokka står parat med butikkinventaret i kremmargarasjen mellom 12-15.00. Forutan alt det ho har med seg i kofferten, har du sjansen til å kapre gamalt og nytt frå Overfloden Brukt & Antikk, saum og spit, Lårdalshonning og filleruggur, Kristin sine eigenprodusera smykke, brød og bakst frå Gro, bålkaffi og kaker på boks!

tirsdag 23. oktober 2012

Styreleiaren til teneste

Tøydokka får akutt behov for å lea på flesket denne tysdagskvelden, og bestemmer seg for å svette og slite fram til i åttetida. Ho er fullt klar over at det er tysdagsope, og hadde det ikkje vore for ein særs serviceinnstilt styreleiar hadde det nok ikkje blitt noko etterlengta trening. Men altså, fram til litt over åtte i kveld er det styreleiaren som tar imot tysdagsgjester i døra. Vel møtt!

lørdag 13. oktober 2012

Tøydokka er treg av seg...


...men ho har faktisk hatt varene på plass innomhus i godt over ei veke alt! Ho er ikkje redd for besøk heller, så har du tid og lyst svingar du innom på tysdagsope! Fyrstkomande blir det bollar og brus i anledning nyanskaffa kortterminal (bollar, om ikkje anna - i håp om velsmurd tolmod i fall teknologien sviktar oss!)

Tamtarataaa! Spa på Åheim!

Du las så rett, så rett - fyrstkomande laurdag, 20. oktober, kl. 18.30, fristar Tøydokka og Sydama med spa i Sydokkekåken! Sydokka har, beskjeden som ho er, påstått at me ikkje kan love verken varme eller kalde kjelder. Her er det imidlertid på sin plass å poengtere at sjølv om varmtvasstanken på Åheim er urovekkande liten, samt at me her lir av mangel på badekar, syter likevel kulda som har kome snikande rundt hushjørna for at alle som vil skal få sjansen til å bade i kalde omgjevnadar!

Innandørs har du mellom anna høve til å få ein demo på galvanisk spa. Fristar tanken bør du kaste deg over telefonen og huve det ut til Sigrid Sydame (46 43 00 41) - her er ikkje flust med plassar, så fyrstemann-til-mølla-prinsippet rår!

Triv tak i ein ven eller to og set av laurdagskvelden til spa! Men kva med Om att oppi det heile?? Roleg, bare roleg - me pakkar sjølvsagt Jebsen og Jolenissen stuvande fulle av Småfolk, Ugly og Froy & Dind - og lovar at dette er på plass i lag med den nye makkeren vår, kortterminalen!

mandag 8. oktober 2012

Tøydokka tek haustferie!

Om det ikkje akkurat blir å plommeplukking ho bedriv tida si med, er det iallefall til Hardanger ho vender nasa i morgo tidleg! Med andre ord kjem eventuelle tysdagskundar til låst dør... Her kjem difor ei sterk oppfordring til å utseta handlerunden til helga som kjem! Tøydokka er tilbake fyrstkomande torsdag kveld!

fredag 5. oktober 2012

tom for lommerusk??

Itte no' problem - no tar me kort!! Ei særs hyggeleg utsending frå kontorrekvisittsguruen Lidvar Arvesen, fann i går vegen til fjellbygdane med ein flunkande ny kortterminal til oss. Tøydokka er litt svett i hendane over all denna teknologien som trenger seg på, men innrømmer glatt at dette nok kjem til å kome godt med framover. Det er bare å pusse bankkortet, folkens!

onsdag 3. oktober 2012

Colchester'n under tak

Temmeleg så snart ventar ein real omgang med såpevatn, før Colchester'n rullar innunder tak for vinteren. Som næraste nabo til Sydama står han trygt, varmt og godt til det er duka for ein ny rullande-butikk-sesong ei gong utpå vårparten. I mellomtida har rubbel og bit av mjukt campingvogninventar funne seg til rette i Tøydokka sin residens - og her er du like velkomen som du var i Colchester'n!

tirsdag 25. september 2012

Handelsmøte 29. september

Nysgjerrig på kva kremmarkroppar som stiller på neste Handelsmøte? Klikk deg inn HER og finn det ut kjappare enn du rekk å sei "dit skal eg!"

Tid for ein legesjekk?

Det er så mangt som kan feile ein stakkars kosedyrskrott. Sår hals, beinbrot, magetrøbbel, skrubbsår- eller rein, skjær lemlesting. Ikkje er det lett å skaffe legetime i desse tider heller, men til laurdag er helsevesenet representert i form av ein velutstyrt doktarkoffert og to brukbart kompetente turnuslegar!
Tøydokka og Sydama stiller sjølvsagt på Handelsmøte i Gamleveg den 29. september. Har du eit kosedyr som kunne trenge ein aldri så liten legesjekk? Pakk det godt inn og tak det med til handelsgarasjen bak Silkevippa, då vel!

søndag 23. september 2012

Siste tysdagsope i Colchester'n!

Før me pakkar oss ut av campingvogna for denne gong, har du ein siste sjanse til å oppleve handletur med lommelykt fyrstkomande tysdag! Litt på halv åtte til ni kan me friste med mørklagt butikklokale - og 20 % på alle boksar frå Froy & Dind!

På fire hjul til Byrte

Fire - og ikkje åtte, slik me i utgangspunktet hadde tenkt. Etter ein litt kranglete start på dagen, forlot me Øyfjell utan Colchester'n, og rakk torgdagen i Byrte med eit nødskrik (rett nok med havlparten av dei ferskaste varene våre liggande att i campingvogna...). Me kom heim att med langt mindre enn då me reiste, og gledar oss alt til jolemarknaden går av stabelen der over kommunegrensa!

tirsdag 18. september 2012

lommelyktsafari!

Det er veldig så mørkt det kan bli i ei campingvogn slik litt på halv åtte ein tysdagskveld inne i Øyfjells djupe skogar... Og når skøyteledningane som må til for å lyse opp i Colchester'n viser seg å ha gått dukken, kan ikkje Tøydokka gjera anna enn å rote fram lommelykter idet dagens tysdagsgjester rullar inn på tunet! Lommelyktsafari var imidlertid slett ikkje å forakte, men nokon skarp konkurrent til den meir tradisjonsrike elgsafarien i området er det vel neppe. Det er nok snarare endå eit teikn på at rullande-butikk-sesongen snart er over. Eit siste utandør tysdagsope, og så kryp me innomhus!

torsdag 13. september 2012

Colchester'n frys på hjula!

Sommaren må vel strengt tatt kunne seiast å vera på hell... Tøydokka registrerar fortvila at Colchester'n tappert møter den stadig strengare nattekulda, og kremmarane innser at det nærmar seg sesongslutt. Sesongslutt for Colchester'n vel og merke - Om att kviler sjølvsagt aldri heilt, men likevel. Nokre tysdagsope til, ein marknadsdag i Byrte og eit Handelsmøte, så må vogna i hi for vinteren.

Går du med planar om å sjå innsida på vidunderet før vinteren slår kloa i oss, bør du med andre ord ikkje vente altfor lenge med å gjera alvor av nett det! Skulle det ikkje passe for deg med eit besøk når me reklamerar med ope dør, er du meir enn velkomen til å stikke innom ein annan dag. Er Tøydokka heime er vogna ope!

EUREKA!


Tøydokka: "men, kan ein ha to daglege leiarar eigentleg?"
Sydama: "ja - viss ikkje bli det urettferdig!"

Etter påkjennande møte med den evinnelege papirmølla, har me endeleg blitt tatt inn i det gode Brønnøysundselskap! (her er det på sin plass å understreke at me hittil ikkje har levd det totalt lovlause kremmarliv, men derimot nytta Sydama sitt einkvinnesforetaksorganisasjonsnummer for alt det er verd). Me vil gjerne rette ei stor takk til fylgjande styremedlem, som har vist seg å vere særs velvillig innstilt til vervet dei har tatt på seg. Eit tre gonger tre HURRA! for styreleiar Gutt og styremedlem Anne og Torstein

Om att - litt på halv åtte har blitt DA - no vankar det bollar og brus!!

lørdag 1. september 2012

takk til Endre postmann!

triveleg torgdag

Colchester'n har kome seg heim att etter torgdag på Øyfjell bygdemuseum - ein folksam ein, sådan! Eit lite mylder av kremmarkroppar og kjøpelystne svinsa rundt under herleg haustsol, og gjorde sitt til at dagen vart intet mindre enn ein suksess!

Sydama og Tøydokka fekk som vanleg si dose muskelsvi då vogna skulle hektast til bilen på forsvarleg vis, men både rygg og nyrer er i god stand og på rett stad, så me seier oss godt nøgde med innsatsen. No ventar to tysdagsope før me skal ut og rulle att. 23. september er det marknadsdag i Byrte - så gjenstår det å sjå om me kjem oss dit i brukbar stand!

mandag 27. august 2012

Røvarkaupet




Kven kan motstå ein akkurat passe stor boks??

30 x 22 x 11 cm. - brukeleg til så mangt (til heile familien si niste, barneteikningar, sokkar og gåveband!)

Med fast Røvarkauprabatt blir denne din for 160,- kr. på morgodagens tysdagsope!

tirsdag 21. august 2012

Dagens Røvarkaup!

Slå til på denne tysdagens Røvarkaup - ein lekker liten sak som i dag kan bli din for lusne 90,- kr.!

Boksen måler 19 x 12 x 4 cm. og har uttalige bruksområde. Me nemner i fleng - nisteskrin, pennalhus, samleboks, smykkeskrin og stålullbehaldar. Putt oppi småspiker, teiknestifter, kjærleiksbrev, ubetala rekningar eller heklenåler.

Bør du la denne sjansen gå frå deg? Neppe.

ei pustepause

Vår kjære makker tar seg ein velfortent kvil etter husketuren att og fram over Hyllandsheii laurdag. Handelsmøte i Gamleveg må vel kunne seiast å ha vore ein suksess, etter tilbakemeldingane å døme, og kremmarane smiler frå øyre til øyre! No får Colchester'n stå og puste litt, før han skal ut på vegen att den 1. september. Då er det duka for torgdag på Øyfjell bygdemuseum. Heilt fri får han imidlertid ikkje -tysdagsope går sjølvsagt sin vante gang. Velkomen til vogns!

fredag 17. august 2012

siste innspurt

Pfaff'en og Tøydokka har akkurat utkjempa ein svett kamp med eit gjenstridig jerseylaken, som heilt til det siste såg på det å bli omgjort til ei vimpelrekkje som noko særs uverdig... Kva gjer ein vel når ein ikkje finn jerseynåla til symaskina? Ein syr, tenkjer Tøydokka. Men jerseystoff krev jerseynål. Elles blir det bare rot (som, bare for å ha nevnt det, er noko av det som sit att etter det einaste sykurset Tøydokka har vore på - lærerikt sådan). Det blei med andre ord bare rot når ho skulle sy i dag. Men det blei ei tredje vimpelrekkje til Handelsmøte i Gamleveg til slutt. Og denne skal henge i høgaste lufta, kjem Tøydokka på - og prisar seg meir enn lukkeleg for det...

Sydama på si side pendlar mellom barnehagejobb og prising av nye varer i dag - og sjølv om det blir i siste liten (som alt Sydama og Tøydokka foretar seg ser ut til å bli i), så kryssar me fingrar og tær for at varer frå Småfolk dukkar opp i posten i dag. Då blir det joledagar i Colchester'n!

torsdag 16. august 2012

Handelsmøte - here we come!




Sydama har snekra (sydd?!) ihop ei makalaus marknadsføring i forkant av vår andre marknadsopptreden!

Me håpar de trassar værutsiktene i morgo og kjem stimande i hopetal for å få med dykk Handelsmøte i Gamleveg!

onsdag 15. august 2012

Æ're 'ke lekkert?!

 

 

Resultatet av kveldens dugnadsinnsats - me kan knapt vente til laurdagens Handelsmøte i Gamleveg!

O'lykke!

Sydama og Tøydokka gliser frå øyre til øyre - me er sikra Ugly Childrens Clothing til Handelsmøte i Gamleveg! I dag stod ei stor, innhaldsrik pappøskje og venta på Tøydokka sin tram. Herlege kreasjonar som bare ligg og gledar seg til å møte deg!

tirsdag 7. august 2012

snart er me ute på hjul att!

Det nærmar seg 18. august og historiens fyrste Handelsmøte i Gamleveg! Ein litt småsliten garasje skal, om alt går etter planen, få sin renessanse som torgdagkulisse - og me håpar sjølvsagt at smått og stort tar turen innom! Colchester'n er sjølvsagt på plass, forhåpentlegvis stuvande full av nye varer! I tillegg har de vårt fyrste "sommarsal" å sjå fram til, med mål om at utvalde kreasjonar går som hakka møkk!

Det er nok ikkje anna å gjere enn å setje av dagen og karre seg til Åmot for å avlegge kremmarane ein visitt! I mellomtida får du tida til å gå med tysdagsope i Colchester'n!

lørdag 4. august 2012

Komande tysdags Røvarkaup

ordreskjema sendt! forhåpentlegvis...

Tøydokka let seg imponere over diverse finesser på Ugly Childrens Clothing sitt ordreskjema - Sydama, derimot, er vand med slikt. Det er imidlertid Tøydokka som tek på seg oppdraget å få dette skjemaet trygt over eit par hav og eit vesentleg større antal land - heilt frå Øyfjell til Sydney - og ho ventar enno i spenning på om ho har fått det til. Har ho det, kjem det nokså snart til å dukke opp både MILK og Marius i hyllene våre. Kassene, rettare sagt. O'glede!

Handelsmøte i Gamleveg


- høyres ikkje det forlokkande ut? I lag med dei driftige damene på Silkevippa i Åmot dreg me til med torgdag i "bakgarden"! 18. august, på sjølvaste Vinjedagen, sparkar me i gang det me håpar at kjem til å bli ei herleg, månadleg røre av kremmarkroppar og handlelystne! Sigrid Sydame har snekra ihop ei facebookside ein blir glad av å kikke innom - trykk deg inn HER og lik oss då vel!

tirsdag 31. juli 2012

heidundrande tysdagssal!

Tusen takk til alle som har vore innom vogna vår sidan me rulla i gang - tysdagsope eller ei! De har gjort det mogleg for dei to kremmarane å stikke hovuda saman over telefon seinare i kveld for å gruble oss fram til ei saftig bestillingsliste til Ugly Childrens Clothing! Ha ein fortreffeleg onsdag alle ihop!

mandag 30. juli 2012

Morgodagens røvarkaup


Det er tysdag i morgo, og både vogn og tøydokka er klare som egg for tysdagsope!

I morgo er Røvarkaupet ein herleg, liten sommarkreasjon frå Småfolk - som med den faste Røvarkauprabatten på 30% er å få kjøpt for 150,- kr.

Røvarkaupet har me inne i alle storleikar frå 68-86 (men ettersom me stort sett berre har maks to plagg i kvar storleik frå Småfolk er det ikkje å anbefale å sita heime og gruble i det vide og det breie. Løp og kjøp!)

ja, det er dei med dessa mjåkkputtane!



ein liten smakebit på det Ugly Children har å by på!


du og du...

... trur du ikkje me har sikra oss forhandlarstatus hjå Ugly Childrens Clothing!

Å sjå for seg dessa kreasjonane i Colchester'n er til å få tårer i augene av, er det ikkje?!

Me satsar på at det ikkje skal gå så altfor lenge før det blir ein realitet - i mellomtida er det snart klart for ny varelevering frå våre danske vener, godsaker frå Småfolk sin haustkolleksjon er klare for å innta Øyfjell i midten av august!

mandag 23. juli 2012

og så er me i gang att!

Sommarferien er over, og i morgo gyv me laus att! Som de kanskje alt har fått med dykk går tysdagsope sin vande gang - men frå no av finn du Colchester'n ved tøydokka sin residens, eit lite stykke inn i Øyfjellsskogane. Om ho kjem på - eller orkar - å trille tønna vår den knappe kilometeren det er frå Brandkvålskrysset og heim kvar tysdag får me sjå litt på. Ho lovar imidlertid å ha eit auga, av og til to, på mobilen, og slik fange opp om det er nokon som ikkje finn fram (eller som køyrer seg vill i forsøket).

Kort fortalt kjem du deg no til Colchester'n ved å (a) køyre ca. 3 km. frå Limoen / Øyfjell Skule og grendehus i retning Åmot, køyre forbi skiltet der det står Raundalen, for så å ta fyrste avstikkar til høgre, eller (b) risikere liv og lemmar over Hyllandsheia frå Åmot og ta tredje avstikkar til venstre etter at du støter på bebyggelse. Ei mørkbeisa hytte med flaggstong gjev eit vink om at du er på rett veg. Deretter fyrste og einaste avstikkar til venstre. Tadaaaa! Der står tøydokka og vinkar!

NB! Ja, tøydokka lovar som sagt å sjekke mobilen på tysdagar, men er elles relativt likegyldig til slikt. Dersom du ikkje skulle få svar, er det difor ingen grunn til å tvile på om du har rett mobilnr. Send ei melding, eller ring gong på gong på gong...

Me gledar oss til å få deg på besøk!

tirsdag 10. juli 2012

ein liten sommarferie

Kremmarane tar no ei impulsiv ferieavvikling på to veker - det vil seie at det blir ei midlertidig, kortvarig pause frå tysdagsope. Du treng imidlertid ikkje fortvile, frå tysdag 24. juli er me i gang att! Heilt som før vil det likevel ikkje bli. Heretter vil Colchester'n vera å finne i umiddelbar nærleik av tøydokka sin residens, ettersom sydama har slått seg på hælen og flutt til Grimstad for ein periode, der ho skal leike seg med matematiske formlar på sørlandsk.

lørdag 7. juli 2012

me kom oss over heii!

- og sjølv om værgudane ikkje akkurat var i perlehumør i dag, så slapp me rimeleg billig unna når alt kom til alt - brukbart tørre på føtane og med vogna i behald. Det var to smilande kremmarar som humpa og skvatt over Hyllandsheii på heimvegen
(tre, om me skal rekne med ei lita perle. Og det bør me sjølvsagt). Ikkje nok med at det stadig kikka folk innom i Colchester'n - men me fekk han jammen både att og fram på eigehand òg! Ha!


Me må likevel sende ei stor takk til papa Sigmund og papa Olav, som bidrog med henhaldsvis få-av-og-på-samt-køyre-med-campingvogn-demonstrasjon pluss smørjing av diverse kranglevorne vogndelar, og telefoninstruksar på morgokvisten.


I tillegg er det sjølvsagt på sin plass å takke alle som har vore innom oss både i dag og tidlegare - det er så moro at de likar butikken vår på hjul!

fredag 6. juli 2012

back-to-school-lunchbag



Går det ann å lage ein liten matpakke-pose utan bruk av knappenåler og måleband?

Ja, det går ann, men han kan fort bli litt skakk.

Fiksar tøydokka å saume etter engelske oppskrifter?

Tja, på eit vis.

Matpakkeposen blir med i morgo i alle fall, om han er aldri så skakk!

Røvarkaupet!


Kremmarane vil med dette få introdusere Røvarkaupet - vårt hittil ferskaste utpønska lokkemiddel, som  i teorien skal trekkje om mogleg endå fleire inn i Colchester'n. Kvar dag me er ute og trillar fylgjer eit nytt røvarkaup med på lasset (omstendeleg marknadsført, sjølvsagt). Om me lukkast gjenstår å sjå.

Plagget me i morgo slår av nokon slantar på, er ein kreasjon frå Småfolk. For skarve hundre og femti kroner får du ein knasande grøn, lekker sak av ein body! Stikk innom oss i Åmot i morgo - og gjer eit røvarkaup!