torsdag 25. desember 2014

takk for i år!

Og for eit år det har vore for Om att! Me har på eit vis blitt butikk på årntli' og kan flotte oss innanfor fire solide tømmerveggar på Straumebui - og det var stor stas for dei to kremmarane. Me gløymer sjølvsagt ikkje Colchester'n, men framover lesser me han nok ikkje rektig like full som før når det rykkjer i reisefoten og me vil ut på hjul.

Slik på tampen av året vil me sende eit rungande TUSEN TAKK til Thorhild og Knut - som let oss få innpass og frie tøyler i Straumebui! Til Lise, Pernille og Live - som velvillig stilte musklar og pågangsmot til disposisjon under oppussinga (og til alle dei som ville ha gjort det om dei hadde hatt høve til å bidra!), til Karl Inge og Jorunn for overrekking av butikkinventar (og nok ei gong til Jorunn og Magne for campingvogna vår!), til Ingunn og Lise for skrotnissefunn, til styret vårt - som fylgjer alle våre krumspring og ser mellom fingrane på at dei foreløpig bare har fått spandert eit jolebord etter oppstarten, til styreleiaren for stadig innvilging av husmorferie, stort tolmod, utlån av verktøy og utallige handsrekningar, til Britt Marie for at ho ikkje ville ha ein gamal, gul kjøkenbenk, til Olav og Aslak for muskelkraft og kalkuleringsevne opp bratt trapp, til Ruth for mang ei gratisreklame, samt plank til det etterlengta skiltet vårt, til Knut Arne for fri tilgang til hesjestaur, til Sondre for Colchesterlagring vinterstid, til Elin og Rainer for elektrikerinnsats, til eit lite knippe journalistar som har skrive fint om oss i avisene, til Halvor og Anne - som meir eller mindre frivillig har hatt vogna vår på sin eigedom fram til kong Vinter gjorde sitt inntog (og dessutan plutseleg fekk meir garasjeinnhald i ein periode), til Wenche og Åsne for tolmodig handsaming av pluss og minus, til alle leverandørane våre for godt samarbeid, og sjølvsagt til alle dykk som har vore innom oss for ein skravlings og ein handel, servert oss klapp på hærane og nøgde smil! Utan dykk ville livet som kremmar vore trasige greier. Eller det vil seie - utan dykk hadde det ikkje vore noko kremmarliv i det heile!

Me ynskjer alle ei fortsatt god jol og alt godt for året me har i vente! 

torsdag 18. desember 2014

luke nr. fire



Gjer eit siste kupp før jolefreden senkar seg! Til helga kan du sikre deg flotte bukser i ulike storleikar, former og fargar - alle med 30% prisavslag!

lørdag 6. desember 2014

ein ørliten pop-up på Ormbrek

Kva gjer ein når ein ikkje kan dele seg i to, og vera både på jolemarknad i Høydalsmo OG som kremmar på Straumebui? Jau, då grublar Sydama ut korleis ho kan mekke ihop ein liten smakebit på Om att. Ho tenkjer jamt stort og gjennomført denne sydama, og av og til strekk ikkje tida til. Då ringer ho til Tøydokka, som har ståande ein hesjestaur og ei aldri så lita osb-plate i garasjen - som dei i tillegg får lov til å ta av styreleiaren. Kjipp-kjapp, så er pop-up'en fiksa - og no heng han og flottar seg inne i varmen på Ormbrek gard. 

Tusen takk til Live, som steppar inn som kremmar i dag - og til Olav for flotte bilete!





torsdag 27. november 2014

tamtarataaaa!

Me fleskar til med ein eigen, firelukers adventskalender oppe i høgda, og introduserar fire makalause tilbod som gjeld for kvar si helg fram til jol! 

Fyrstkomande laurdag og sundag kan du nytte deg av fylgjande;




fredag 14. november 2014

så fint!

- no treng du aldri meir lure på kva piggsvin heiter på svensk! Plakat frå Ingela Arrhenius, kr. 225,-. Måler 50x70 flotte cm.

søndag 26. oktober 2014







stripete, prikkete, rutete, blomstrete...


Eit utval washi tape frå OMM design bør vera like om hjørnet! Glade rullar som har potensiale til å setje ein fargerik prikk over i'en på ein kvar joleverkstad!

mandag 20. oktober 2014

Ny ladning tøykompisar like rundt hjørnet


Det er kan hende litt snodig å gå og smile over eit skrantent utval, men det faktum at det nærmar seg tomt for tøyleiker hjå Om att vitnar om at det er fleire enn oss som har latt seg sjarmere av dei fargerike kompisane! No er ny bestilling sendt, og går det som sist er det ikkje lenge før me har ei pakke frå Sri Lanka i posten!

søndag 19. oktober 2014

Me fyller opp i hyllene...


...og håpar på at store delar av hyllefyllet forlet bui som komande gåver under strålande vakre joletre! Helga 8.-9. november sparkar me i gang jolehandelen på Straumebui! Thorhild har erklært seg joleentusiast over alle joleentusiastar, og Sydama og Tøydokka fylgjer hakk i hæl. Me gledar oss til bjelleklang, noko rykande varmt i koppen, kan hende ei og anna snofille - og ikkje minst til å sjå deg innanfor dørene våre!

lørdag 11. oktober 2014

nytt i vente!

Sydama og Tøydokka klarar ikkje dy seg... Til det er det altfor mykje snasent der ute! No har dei slått kloa i noko leikande lekkert, men ventar litt med å introdusere det nye hyllefyllet. Til ei ordre er heilt i boks i det minste! Men det er noko som er verd å vente på, det er det ingen tvil om!

fredag 26. september 2014

Sydama tar haustferie...

...men slett ikkje frå Om att! Skrensande oppover frå Grimstad har ho grubla seg fram til både det eine og det andre, og resultatet kan ein truleg få stifte nærare kjennskap til om ein tar turen innom Straumebui ei av dei neste helgene.

Nytt har kome dumpande i postkassa, og de kan glede dykk til både haustkreasjonar frå Småfolk og eit knippe beinklede frå Alba - heriblant selebukser i cordfløyel til å dåne av!

onsdag 17. september 2014

kremmarperm og fortsatt sommarsal

Sommarsal, haustsal - det går ut på det same, har Tøydokka kome fram til. Poenget er at me får rydda i hyllene, og forhåpentlegvis gleda dei flotte kundane våre med rimelege plagg! Planen var å avslutte salet forrige helg, men trur de ikkje at det har kome ein ny, liten kremmar til verda sidan sist - og dermed kom Sydama på at me forlengar salet med ei veka. For å feire litt, rett og slett! Dermed går det endå ei helg med diverse tøy til halv pris, før me plukkar ned salsskilta.

Tøydokka har no gått ut i kremmarperm, men kjem nok til å bli observert på Straumebui utover hausten likevel - rett nok på ei anna side av disken enn den ho er blitt vand med!

tirsdag 2. september 2014

Etter å ha fått gode tilbakemeldingar på prisoversikten på klede frå Kattnakken, smeller me til med det same opplegget for maskotane våre frå Barefoot! Her er heile den foreløpige 
flokken samla.



søndag 31. august 2014

me har forelska oss i Kattnakken!

Her ser de utvalet vårt - med unnatak av ullbody (str. 80-98), med same mønster og fargar som ulltrøyene, samt rosa og blå sydvestar til små uværskråker! Me har tatt inn ein smakebit av varene, men fleire storleikar ligg klare på Kattnakken sitt lager og kan bestillast dersom ein ynskjer det. Huv gjerne ut i så fall - kremmarane i høgda står til teneste!