mandag 21. juli 2014

house of Rym til Straumebui!



- og saka er den at hadde det ikkje vore for at de har så godt som rent oss ned der oppe i høgda etter at Straumebui på ny opna dørene, så hadde me aldri fått kloa i desse herleghetane! Difor rettar me med dette ein stor, varm TAKK til alle Om att-kundar, og håpar det komande hyllefyllet blir tatt imot med like store stjerner i augene som det kremmarane fekk fyrste gong dei oppdaga House of Rym!

fredag 11. juli 2014

snaaart helgeope att!

- og Tøydokka gjer seg klar til å innta Straumebui på ny! Laurdag sit ho oppe i høgda, medan Thorhild stiller opp som kremmar på sundag. Me gler oss!

Tøydokka har til alt overmål prøva seg som skiltmakar i forkant av ei ny handelshelg - dette med eit noko blanda resultat... Trøysta er at det er av det midlertidige slaget. I mangel på svartmåling måtte ho nemleg ty til spraylakk, og det viste seg overraskande kjapt at graffiti ikkje er noko Tøydokka bør konvertere til i næraste framtid...

Eit form for blikkfang er det i alle fall, så no bør ingen vere i tvil om at Straumebui er ope når det er nettopp det ho er!

fredag 4. juli 2014

...og om litt er kaffi'n klar

Kva er vel ikkje betre for ein liten arbeidskar eller -kvende enn ein kaffikopp, Vest-Telemark Blad og to blingsar på morgokvisten?

Tøydokka har fått eit bittelite innfall, og tatt ein lynkjapp date med både bandsag og symaskin. Resultatet vart som det alltid blir - litt på halv åtte..! (det vart grovbrød, for å seie det slik - overstadig bruk av pussepapir er oppskrytt)

I alle tilfelle ligg det eit par ferdigsmurte nystepakker på disken i morgo.