lørdag 31. mars 2012

to reddande englar på Heimigard

Som om ikkje ein vellukka opningskveld var nok - me har fått oss campingvogn!! Eit tre gonger tre HURRA! for godtfolket på Heimigard, som vil gje vekk den gamle vogna si til oss! Det framtidige butikklokalet er foreløpig bare tatt i augesyn pr. mobilkamera, men når det openbara seg ei lita, rund sak med oransje midjebelte, smelta me sporenstreks. Tusen, tusen takk, Jorunn og Magne! Helsing to hoppande glade kremmarar

vel overstått!

Tenk, så blei det så bra! To stk. kremmarar si smågnaging på alt nokså nedbitte neglar viste seg å vera unødvendig - Om att blei tatt imot med store smil og velvillige lommebøkar! Ved tilløp til trengsel (som i denne samanheng omfattar alt over 3-4 personar) blei dei tilreisande bede om å oppretthalde god køkultur - og ein meir sivilisert gjeng skal du tydelegvis leite lenge etter (sjølv om det er mykje mogleg at det var kakene til Kari som heldt folk i sjakk der nede i fyrste etasje). Etter ynskje frå fleire hiv me oss no over bestillingsblokka for å sikre oss klesplagg i større storleikar - og ikkje minst eit lite utval skjørt og kjolar for dei småfolka som ikkje jublar over å ha ein traktor på magen! Tusen, tusen takk til alle som ofra fredagskosen heime til fordel for ein handletur på Åheim i går!

tirsdag 27. mars 2012

Bladfyk på besøk

Priviligerte som me er, karra Randi Bladfyk seg i dag opp trappene på Åheim med det mål for auge å snekre ihop ein aldri så liten artikkel i VTB om oss. Krypinnet vårt låg bada i fortryllande solskin - som rett nok sørga for idyll, men dessverre òg blottla eit butikklokale som huva og skreik etter ein omgang med vaskefilla (i tillegg til å omdanne eit halvkjølig gjesterom til ein svett sauna.... Me la vekt på at siste finspuss pågjekk, og satsa alt på å sjarmere mediautsendinga med sjokolademuffins alà Sigrid. Det såg ut til å gjera susen - i alle fall lova Randi å knattre laus på tastaturet kjapt nok til å få artikkelen inn i torsdagsutgåva, dagen før den store dagen!

fredag 16. mars 2012

Tøydokke Anna legg seg i hardtrening

Tøydokke Anna går og småbit neglar om dagen. Ho har no kome fram til at ho vil gå ope ut om at ho er inkompetent i hovudrekning. Sigrid Sydame har gjort hederlege forsøk på å roe makkeren sine nerver - ho lovar mellom anna lett tilgang til kalkulator - men Anna er redd det kan gå så langt som til total black out. Fram til opningsdagen er planen difor å pugge rekneoppgåver med stigande vanskegrad. Så får me sjå korleis det går.

eit kremmarpåfunn

til bittesmå og litt større frøknar

tirsdag 13. mars 2012

Du er med dette invitert...

…til fyrste kikk innom ”Om att – litt på halv åtte”! Fredag 30. mars, litt på halv åtte, opnar me dørene - og er spente på om me klarar å lokke nokre nysgjerrige sjeler opp av sofakroken og ut av huset. Er du ikkje i handlehumør, skal du likevel ta turen – om ikkje anna for å få setje tennane i kaker frå Kari sitt kjøken! Me kan elles friste med eit utval klede og litt-av-kvart frå Småfolk og Froy & Dind, samt ei eksklusiv samling av eigne, hakket meir amatørmessige kreasjonar..! Butikken er foreløpig relativt liten, men fell dette i smak lovar me her og no å klemme til med langt større bestillingar så snart sjansen byr seg! Me grugledar oss til å høyre kva de syns om påfunnet vårt – her kjem eit rungande VELKOMEN INNOM!


onsdag 7. mars 2012

Nu kör vi!

Dei fyrste pappaskane proppfulle med klede til småfolk frå Småfolk er mottatt! Og som om ikkje det er nok har me i tillegg blitt tatt inn i varmen av Froy & Dind (sjekk ut froydind.be) og ventar godt for augene frå Belgia i næraste framtid! Kremmarane går og trippar, ivrige etter å endeleg koma i gang med geskjeften – og har no bretta opp armane og gått til angrep på diverse potensielt butikkinventar med målarkost og pågangsmot. Om alt går etter planen, er du veldig snart velkomen til å kikke innom oss!