tirsdag 3. november 2015

Straumemarken

Markensdag på Straume, det må vera tingen - slik ørlitegrann uti november? Det har i alle fall dei fire kremmarane landa på! Ein nokså liten marken, rett nok, men slike kan vera vel verd eit besøk. Litt trongt om plassen er kanhende einaste ulempa, men trongt om plassen må me innrømme at me håpar det blir! Me har rigga om både oppe og nede. Mest nede i denne omgang, rett og slett for å få plass til eit stadig større utval lokalmat. Her fins no både mjøl frå Hjartdal og müsli frå Den gode baker, tetøser og Lårdalshonning, eplemost og Kongen av Danmark. Lamapylse, Herefordkjøt og egg. Brau og kling. Og på laurdag òg sveler. Smakslaukane ropar hurra for Jorunn sine vidgjetne sveler!

Har du ikkje vore oppe i høgda på ei beite, bør du førebu deg på eit møte med krittida i det eine hjørnet. Dinosaurar har inntatt Straumebui, til stor glede for mange små gjester (Tøydokka kan anbefale dyra på det varmaste etter å ha hatt nokre eksemplar innlosjert over tid. Overraskande nøysame i kosten, stogereine og veloppdragne. Dessutan nærmast uslitelege). Her er ny forsyning ull frå Kattnakken og eit utval kvalitetsleiker til små og litt større. Påfyll av Lucie Kaas og ein alldeles nydeleg smakebit på keramikk frå Kvist rett rundt hjørnet - jolepynt i denne fyrste omgang. Litt for dei store, mest for dei små. Me håpar og trur du vil finne noko du likar!

I tillegg til alt dette blir det nybaka brød å få kaupt, heimelaga drops, spit og varer frå ei spennande elevbedrift! Me lokkar òg med småaktivitetar for dei som går lei av skravling, eting og handling.