lørdag 30. juni 2012

inspektørvisitt før det brakar laus

Me lova campingkjensle trass regn og gråvær - og campingkjensle blei det, tør me påstå! Med teltduk frå Zanzibar og teiknestifter frå nabo-Anne vart sydama sine to stoger såpass trivelege at ho vurderar å inkludere tøyfillene som ein del av inventaret på permanent basis. 

Dagen før den store dagen kikkar Inspektør Endre innom for å vurdere - og etter smilet å døme -godkjenne resultatet.



torsdag 28. juni 2012

takk til...

 

... Gutt for ufrivillig lån av påkledning og ikkje minst Åne for velvillig fotografering!

snart er me på veggen!


dagen før den store dagen

Me skriv 28. juni, og konstanterar at det kun er snakk om skarve timar før me kan invitere stort og smått inn i vår kjære Colchester. Dei timane kjem rett nok til å gå noko kjappare enn vanleg, seint ute som me er med det meste. Til alt overmål er iallefall veggar og tak ferdig måla! Dei lyser kvitt og blidt mot oss - stæsja opp med eit uvisst antal knott med sans for nærkontakt med Jotunprodukt...

I dag besto me dessutan eldprøva; vogna kom seg frå Sondovlid til Åheim utan varige mèn. No står ho der på to hjul og gruar seg til 22 mm nedbør! Men mest av alt gledar ho seg til å vise seg fram i all si skrud - stikk innom ein tur i morgo då vel!

søndag 24. juni 2012

itte'no knussel!

Relativt nyankomne visittkort skulle vel vitne om ei særs seriøs butikkleiing - gjer det ikkje? Du skal sjå du har eit i lomma anten du vil eller ei om ikkje så altfor lenge! Om veldig kort tid, faktisk, for no nærmar avduking av vår kjære Colchester seg med stormsteg. Litt for store, er vel kremmarane sin konklusjon - som gjer forsøk på å førebu seg meir eller mindre grundig mellom visittar til både apekattar og vestlandsfandar.

Værutsiktene ser vel ikkje så frykteleg lovande ut, men me garanterar ei sjarmerande oppleving til helga som kjem - regn eller ei. Kremmarane tviheld sjølvsagt på sitt ess i ermet, men kan gje hint om at plan B involverar campingkjensle, sjølv innanfor huset til sydama sine fire veggar.

lørdag 16. juni 2012

ufrivillig kvalitetssjekk

Kl. 09.45 ein regntung laurdagsmorgon, etter ein kikk gjennom utvalet av nyvaska klesfiller; Det er observert ein lettare ør og fortumla body frå Småfolk mellom slitne klutar og mørbanka handkle, eit dynetrekk og eit par laken. Snike seg med i 60 graderen, den rakkaren - sannsynlegvis med vaskelappen godt gøymd... Men kva gjer vel det når kreasjonen er like fin, utan det minste teikn til krymp?! Det er med andre ord ikkje bare smekkene våre som toler meir enn dei prøvar å påstå!

torsdag 14. juni 2012

program for avduking av Colchester'n

Tøydokka, idet me riggar kånn te framom skjermen fe å utdjupe den store eventen:
<<he me egentleg noko program?>>

Sydama:
<<nei...>>

... men etter litt effektivt tankearbeid i tospann, kom me jammen fram til fylgjande;

Fredag 29. juni:
Åheim, kl. litt på halv åtte: Me stiller kånn opp, relativt nydusja, og tek imot alle med opne armar. Grillen æ alerede varm, sø klarer du ikkje vente æ det bare å slænge på ein snabb

Kl. 19.35: Høgtidleg avduking av Colchester'n!

Klokka etter avduking: Trekk kølapp, tøm lommeboki, snakk med nabo'n, ta deg ein siesta i loungen og grill te svarte nåtti (les: 23.00). Hugs at kremmarane likar kyt!

Laudag 30. juni:
Åheim, kl. 10.00: Salutt!

Kl. etter salutt: Colshester'n opnar dørene og grillen er varm.

Kl 14.00: slutt på moroi fe denna gong. Dei som orkar meir denne dagen kan ta turen te Galleri Straume som opnar si sommarutstilling kl 16.00!

Pakkeliste: Lommebok, grillmat og stol! He du plass i bilen tek du sjavsagt med naboen au

fredag 8. juni 2012

eit lite drops av eit dikt - god helg!



man lærer så lenge man lever


Nok ei mirakelmaskin har inntatt Colchester'n - tøydokka sin far får ei stor takk for å ha ofra litt av fredagsformiddagen sin på å pusse ned skruvestumpar med vinkelslipar. Ja, sparklinga vår var med det delvis forgjeves. Og nei, tøydokka sin far var vel ikkje slik veldig imponert over lappverket vårt..! (me tok ein Pippi, me). Under strengt oppsyn vart ny runde med sparkel lagt, så får me sjå korleis det går når sydamene skal prøve seg med målarkosten..!

lørdag 2. juni 2012

med kniven på strupa

Med kunngjort avduking i slutten av månaden er det ikkje anna å gjere enn å gje seg i kast med ytterlegare oppfreshing av Colchester'n. Noko surt var det å erkjenne at tøydokka sin betre halvdel gjorde unna siste rest av innvendig vognribbing på vesentleg kortare tid enn oss, men gleda over å sjå resultatet, skubba unna all form for muggen stemning.

I dag tredde me på oss arbeidshanskane (i form av småblomstra hagehanskar for å balansere testosteronosande nærkamp med stridig campinginventar), røska ut golvbelegg, kvitta oss med spikerstumpar så langt det let seg gjere, dynka tak og veggar i salmaikkvatn - og la sparkel så det skvatt rundt oss. No står vogna der i junikvelden og trippar etter å få kjenne fyrste målingsstrøket. Trippar gjer me òg - ein kjapp telefon til Jotun, no, så er me klare!

fredag 1. juni 2012

avduking av Colchester'n!


Frædag 29. juni, frå litt på halv åtte (me gjentek; 19.30) til 23.00 (hell ellev om du vi' - ja, det æ løv å fata!) byr me inn te eit triveleg slaberas. Me førtset festen laudag 30. juni, der stort og smått kan få tomle ront på tone' i fire strake timar, frå ti te to (ja, me gjentek; 10.00-14.00)