tirsdag 31. juli 2012

heidundrande tysdagssal!

Tusen takk til alle som har vore innom vogna vår sidan me rulla i gang - tysdagsope eller ei! De har gjort det mogleg for dei to kremmarane å stikke hovuda saman over telefon seinare i kveld for å gruble oss fram til ei saftig bestillingsliste til Ugly Childrens Clothing! Ha ein fortreffeleg onsdag alle ihop!

mandag 30. juli 2012

Morgodagens røvarkaup


Det er tysdag i morgo, og både vogn og tøydokka er klare som egg for tysdagsope!

I morgo er Røvarkaupet ein herleg, liten sommarkreasjon frå Småfolk - som med den faste Røvarkauprabatten på 30% er å få kjøpt for 150,- kr.

Røvarkaupet har me inne i alle storleikar frå 68-86 (men ettersom me stort sett berre har maks to plagg i kvar storleik frå Småfolk er det ikkje å anbefale å sita heime og gruble i det vide og det breie. Løp og kjøp!)

ja, det er dei med dessa mjåkkputtane!



ein liten smakebit på det Ugly Children har å by på!


du og du...

... trur du ikkje me har sikra oss forhandlarstatus hjå Ugly Childrens Clothing!

Å sjå for seg dessa kreasjonane i Colchester'n er til å få tårer i augene av, er det ikkje?!

Me satsar på at det ikkje skal gå så altfor lenge før det blir ein realitet - i mellomtida er det snart klart for ny varelevering frå våre danske vener, godsaker frå Småfolk sin haustkolleksjon er klare for å innta Øyfjell i midten av august!

mandag 23. juli 2012

og så er me i gang att!

Sommarferien er over, og i morgo gyv me laus att! Som de kanskje alt har fått med dykk går tysdagsope sin vande gang - men frå no av finn du Colchester'n ved tøydokka sin residens, eit lite stykke inn i Øyfjellsskogane. Om ho kjem på - eller orkar - å trille tønna vår den knappe kilometeren det er frå Brandkvålskrysset og heim kvar tysdag får me sjå litt på. Ho lovar imidlertid å ha eit auga, av og til to, på mobilen, og slik fange opp om det er nokon som ikkje finn fram (eller som køyrer seg vill i forsøket).

Kort fortalt kjem du deg no til Colchester'n ved å (a) køyre ca. 3 km. frå Limoen / Øyfjell Skule og grendehus i retning Åmot, køyre forbi skiltet der det står Raundalen, for så å ta fyrste avstikkar til høgre, eller (b) risikere liv og lemmar over Hyllandsheia frå Åmot og ta tredje avstikkar til venstre etter at du støter på bebyggelse. Ei mørkbeisa hytte med flaggstong gjev eit vink om at du er på rett veg. Deretter fyrste og einaste avstikkar til venstre. Tadaaaa! Der står tøydokka og vinkar!

NB! Ja, tøydokka lovar som sagt å sjekke mobilen på tysdagar, men er elles relativt likegyldig til slikt. Dersom du ikkje skulle få svar, er det difor ingen grunn til å tvile på om du har rett mobilnr. Send ei melding, eller ring gong på gong på gong...

Me gledar oss til å få deg på besøk!

tirsdag 10. juli 2012

ein liten sommarferie

Kremmarane tar no ei impulsiv ferieavvikling på to veker - det vil seie at det blir ei midlertidig, kortvarig pause frå tysdagsope. Du treng imidlertid ikkje fortvile, frå tysdag 24. juli er me i gang att! Heilt som før vil det likevel ikkje bli. Heretter vil Colchester'n vera å finne i umiddelbar nærleik av tøydokka sin residens, ettersom sydama har slått seg på hælen og flutt til Grimstad for ein periode, der ho skal leike seg med matematiske formlar på sørlandsk.

lørdag 7. juli 2012

me kom oss over heii!

- og sjølv om værgudane ikkje akkurat var i perlehumør i dag, så slapp me rimeleg billig unna når alt kom til alt - brukbart tørre på føtane og med vogna i behald. Det var to smilande kremmarar som humpa og skvatt over Hyllandsheii på heimvegen
(tre, om me skal rekne med ei lita perle. Og det bør me sjølvsagt). Ikkje nok med at det stadig kikka folk innom i Colchester'n - men me fekk han jammen både att og fram på eigehand òg! Ha!


Me må likevel sende ei stor takk til papa Sigmund og papa Olav, som bidrog med henhaldsvis få-av-og-på-samt-køyre-med-campingvogn-demonstrasjon pluss smørjing av diverse kranglevorne vogndelar, og telefoninstruksar på morgokvisten.


I tillegg er det sjølvsagt på sin plass å takke alle som har vore innom oss både i dag og tidlegare - det er så moro at de likar butikken vår på hjul!

fredag 6. juli 2012

back-to-school-lunchbag



Går det ann å lage ein liten matpakke-pose utan bruk av knappenåler og måleband?

Ja, det går ann, men han kan fort bli litt skakk.

Fiksar tøydokka å saume etter engelske oppskrifter?

Tja, på eit vis.

Matpakkeposen blir med i morgo i alle fall, om han er aldri så skakk!

Røvarkaupet!


Kremmarane vil med dette få introdusere Røvarkaupet - vårt hittil ferskaste utpønska lokkemiddel, som  i teorien skal trekkje om mogleg endå fleire inn i Colchester'n. Kvar dag me er ute og trillar fylgjer eit nytt røvarkaup med på lasset (omstendeleg marknadsført, sjølvsagt). Om me lukkast gjenstår å sjå.

Plagget me i morgo slår av nokon slantar på, er ein kreasjon frå Småfolk. For skarve hundre og femti kroner får du ein knasande grøn, lekker sak av ein body! Stikk innom oss i Åmot i morgo - og gjer eit røvarkaup!

sommardag i Lårdal - i tøyplagg frå Småfolk!

 

onsdag 4. juli 2012

oktoberleveransen er bestilt!

Etter dagar og veker med grubling og finpuss er bestillingslista frå Småfolk sin vinterkolleksjon i boks. Me gjer oss beinharde og vel å satse stort, trykker på send-bestillings-knappen og ler litt smånervøst og lettare hysterisk.

Sydama gjer seg klar for heimreise: "Ja, då har me vel gjort nok skade for i dag!"

Kan hende burde me hatt styret vårt i ryggen, men det er spreidd for alle vindar. Styreleiaren vår befinn seg på vestlandet, der han fis rundt i dykkardrakt, og dei to resterande styremedlemma fis rundt utan. Her er det på sin plass å ynskje Torstein fortsatt god tur - han ruslar rundt i fransk regn og er vandrande turist. Likevel strekkjer han seg meir enn langt for å ivareta sine plikter som styremedlem, noko kremmarane set umåteleg stor pris på!

noko spente er me sjølvsagt...

...på om vogna held over Hyllandsheii. På om me held over Hyllandsheii. På om me klarar å hekte vogna av ei mintgrøn stasjonsvogn med 90-tals skiboks (det ville vore fint å kunne unngå total stilkræsj, men sikre kan me ikkje vera). Mest spente er me likevel på om det er nokon som vil bruke delar av laurdagen sin i ein Colchester!

Fyrstkomande laurdag pakkar me rubbel og bit forsvarleg inn (Jebsen og Jolenissen fekk bli varme i trøya i forkant av avdukinga sist fredag, og står igjen klare til innsats), før me skumpar Fiskestigen over til Åmot. Der har Anne og Kari på Silkevippa vore så snille at dei har lova oss boltreplass, så frå kl. 10-ish reknar me med å stå parat på ein asfaltflekk!

Kom innom oss, då vel! Me gledar oss til ynskje deg velkomen inn i butikken vår på hjul!

tirsdag 3. juli 2012

hovudbry for kremmarar

Me blir gjort merksame på at hjarteknusaren vår er eit relativt lett bytte, hendig som han er å smette på eit hengarfeste. Me får tilløp til mareritt om ein sakna Colchester og høyrer med Gutt om kvar me kan få tak i ein...ehm...hjul...lås? Bare slik i tilfelle nokon får lyst til å stela vogna vår?

Gutt: Hehe, sjansen er vel ikkje så stor for akkurat det!

Har du høyrd noko så frekt?!

søndag 1. juli 2012




Det er enno ikkje for seint å smette på seg eit par Alladintøfflar - held teiknestiftene til tysdag skal du sjå du får lov til å ligge og filosofere litt under ein eksotisk teltduk midt i svartaste Øyfjellsskogen!

ein aldri så liten snikkikk


velkomen inn!

høgtideleg snorklypp av to krye kremmarar!

Colchester i solnedgang

Enno med kjensla av asfalt under dekka att, står fylgjesvennen vår klar på så godt som nyslått gras og ventar.

Sydama forevigar Colchester'n dagen før han endeleg skal få vise seg fram!

pompel og pilt!