torsdag 25. desember 2014

takk for i år!

Og for eit år det har vore for Om att! Me har på eit vis blitt butikk på årntli' og kan flotte oss innanfor fire solide tømmerveggar på Straumebui - og det var stor stas for dei to kremmarane. Me gløymer sjølvsagt ikkje Colchester'n, men framover lesser me han nok ikkje rektig like full som før når det rykkjer i reisefoten og me vil ut på hjul.

Slik på tampen av året vil me sende eit rungande TUSEN TAKK til Thorhild og Knut - som let oss få innpass og frie tøyler i Straumebui! Til Lise, Pernille og Live - som velvillig stilte musklar og pågangsmot til disposisjon under oppussinga (og til alle dei som ville ha gjort det om dei hadde hatt høve til å bidra!), til Karl Inge og Jorunn for overrekking av butikkinventar (og nok ei gong til Jorunn og Magne for campingvogna vår!), til Ingunn og Lise for skrotnissefunn, til styret vårt - som fylgjer alle våre krumspring og ser mellom fingrane på at dei foreløpig bare har fått spandert eit jolebord etter oppstarten, til styreleiaren for stadig innvilging av husmorferie, stort tolmod, utlån av verktøy og utallige handsrekningar, til Britt Marie for at ho ikkje ville ha ein gamal, gul kjøkenbenk, til Olav og Aslak for muskelkraft og kalkuleringsevne opp bratt trapp, til Ruth for mang ei gratisreklame, samt plank til det etterlengta skiltet vårt, til Knut Arne for fri tilgang til hesjestaur, til Sondre for Colchesterlagring vinterstid, til Elin og Rainer for elektrikerinnsats, til eit lite knippe journalistar som har skrive fint om oss i avisene, til Halvor og Anne - som meir eller mindre frivillig har hatt vogna vår på sin eigedom fram til kong Vinter gjorde sitt inntog (og dessutan plutseleg fekk meir garasjeinnhald i ein periode), til Wenche og Åsne for tolmodig handsaming av pluss og minus, til alle leverandørane våre for godt samarbeid, og sjølvsagt til alle dykk som har vore innom oss for ein skravlings og ein handel, servert oss klapp på hærane og nøgde smil! Utan dykk ville livet som kremmar vore trasige greier. Eller det vil seie - utan dykk hadde det ikkje vore noko kremmarliv i det heile!

Me ynskjer alle ei fortsatt god jol og alt godt for året me har i vente! 

torsdag 18. desember 2014

luke nr. fire



Gjer eit siste kupp før jolefreden senkar seg! Til helga kan du sikre deg flotte bukser i ulike storleikar, former og fargar - alle med 30% prisavslag!

lørdag 6. desember 2014

ein ørliten pop-up på Ormbrek

Kva gjer ein når ein ikkje kan dele seg i to, og vera både på jolemarknad i Høydalsmo OG som kremmar på Straumebui? Jau, då grublar Sydama ut korleis ho kan mekke ihop ein liten smakebit på Om att. Ho tenkjer jamt stort og gjennomført denne sydama, og av og til strekk ikkje tida til. Då ringer ho til Tøydokka, som har ståande ein hesjestaur og ei aldri så lita osb-plate i garasjen - som dei i tillegg får lov til å ta av styreleiaren. Kjipp-kjapp, så er pop-up'en fiksa - og no heng han og flottar seg inne i varmen på Ormbrek gard. 

Tusen takk til Live, som steppar inn som kremmar i dag - og til Olav for flotte bilete!