mandag 28. januar 2013

siste salsinnspurt!




Morgodagens tysdagsope er ein av dei siste sjansane til å gå på jakt etter godbitar på sal i Om att sine hyller! Ut januar har me 20 % på alle varer, i tillegg til halv pris på ein relativt høg stabel med klede og boksar som me synest det er på høg tid at skifter eigarar!


betre seint enn aldri..!

Jolebord rett over nyåret, det kan faktisk funke fin-fint! 19. januar tromma Sydama og Tøydokka inn styret til kalas. Tidvis likna det ein kveldsopen familiebarnehage, men i takt med at klokka tikka mot god-natt-tid-for-småfolk, byrja det å likne eit lystig lag rundt eit bugnande bord! Maten tør me påstå at var god (det vil seie, Tøydokka sine smakslaukar var, kjedeleg nok, delvis i streik - men ho åt like mykje (kan hende meir) enn om dei hadde vore i ordinær teneste. Slik sett kan ho strengt tatt ikkje gå god for noko, men det minka då i alle fall bra i bollar og fat. Salat vart det nok av, men det sannsynlegvis heller av total mangel på berekning...). Og er maten god, konkluderar me med at selskapet er vellukka!

Ei stor takk til eit særs velfungerande styre, stuvende fullt av styremedlem som ofrar tid, krefter og ein laurdagskveld i januar på Om att!

mandag 7. januar 2013

morgodagens Røvarkaup




I morgo sparkar Tøydokka igang Tysdagsope 2013!

Dørene opnar som vanleg litt på halv åtte, og denne veka har du sjansen til å sikre deg drikkeflaske frå Ugly til kr. 135,-

JANUARSAL!


Laurdag 19. januar, mellom kl. 10-15.00, er det lite anna du bør ha på agendaen enn ein tur innom oss på Om att - litt på halv åtte. Då klaskar me til med januarsal, og kan friste med 20% på ALLE klede. Det er tid for å rydde plass i "hyllene" - og då må me ha hjelp!

Sydama og Tøydokka skal denne dagen òg prøve seg som kokkar, ettersom styret skal ha eit forsinka jolebord denne januarkvelden. Om du er snill (og viss du tør...) kan du heilt sikkert få nokon smaksprøver.

kan det bli herlegare?!


Det er ikkje bare me som har blitt forelska i Ugly sin nyaste serie, Activist! Ein kjapp kikk inn på nettsida deira, og så er du sannsynlegvis seld..! Me sender ganske så snart ei bestilling, og er det noko du nadrar etter å bruke pengar på er det bare å huve ut! Oppgje klesplagg og storleik - og så fiksar kremmarene på hjul resten. Ugly har streva med sprengt lagerkapasitet og utselde plagg ei stund, men skal ha starta 2013 med godt mot og orden i sysakene. Me gledar oss til pakke i posten!

Godt nyttår, folkens!

Oi, oi, oi - det vart siste innspurt før jol, og kremmarane let blogg vera blogg. Det vart romjol - og tastaturet tok joleferie. Det nærma seg stygt feiring av året som venta på oss - og på bloggen vår var det like stille... 

Men NO er me tilbake, og vil ynskje alle eit strålande godt, nytt år!!