fredag 16. mars 2012
torsdag 15. mars 2012
onsdag 14. mars 2012
tirsdag 13. mars 2012
Du er med dette invitert...
…til fyrste kikk innom ”Om att – litt på halv åtte”! Fredag 30. mars, litt på halv åtte, opnar me dørene - og er spente på om me klarar å lokke nokre nysgjerrige sjeler opp av sofakroken og ut av huset. Er du ikkje i handlehumør, skal du likevel ta turen – om ikkje anna for å få setje tennane i kaker frå Kari sitt kjøken! Me kan elles friste med eit utval klede og litt-av-kvart frå Småfolk og Froy & Dind, samt ei eksklusiv samling av eigne, hakket meir amatørmessige kreasjonar..! Butikken er foreløpig relativt liten, men fell dette i smak lovar me her og no å klemme til med langt større bestillingar så snart sjansen byr seg! Me grugledar oss til å høyre kva de syns om påfunnet vårt – her kjem eit rungande VELKOMEN INNOM!
onsdag 7. mars 2012
Nu kör vi!
Dei fyrste pappaskane proppfulle med klede til småfolk frå Småfolk er mottatt! Og som om ikkje det er nok har me i tillegg blitt tatt inn i varmen av Froy & Dind (sjekk ut froydind.be) og ventar godt for augene frå Belgia i næraste framtid! Kremmarane går og trippar, ivrige etter å endeleg koma i gang med geskjeften – og har no bretta opp armane og gått til angrep på diverse potensielt butikkinventar med målarkost og pågangsmot. Om alt går etter planen, er du veldig snart velkomen til å kikke innom oss!
tirsdag 7. februar 2012
Den som ventar på noko godt...
Når ein av dei to kremmarane traskar rundt anten på toppen av Kilimanjaro eller på ei brukbart idyllisk strand på Zanzibar, og den andre oppheld seg på langt meir heimlege trakter og skifter bitte små bæsjebleier i tjukk ammetåke, seier det seg sjølv at det blir smått med tid til bisniss..! Me har imidlertid store planar om å kome langt sterkare tilbake, og gledar oss no veldig til me mottar fyrste sending frå Småfolk om ikkje så altfor lenge! Då er det etter kvart duka for offisiell opning av Om att – litt på halv åtte, ei opning det skal ose brask, bram, konfetti, bollar og brus av! Smør dykk med eit tjukt lag tolmod og vent i spenning til me bestemmer oss for å opne dørene!
Abonner på:
Innlegg (Atom)





