Det einaste, vesle skåret i gleda er at kleda du her ser bilete av høyrer til tidlegare kolleksjonar... Med andre ord får me nøye oss med å kvile augo på akkurat desse plagga - og heller glede oss vilt og uhemma til kva me snart har i vente!
onsdag 11. desember 2013
tirsdag 10. desember 2013
siste krampetrekning før joleferie
Ja, Tøydokka tar det med ro.
Dette her er litt slik Flåklypaaktig, tenkjer ho der ho tassar rundt og pakkar ut att bui etter marknadshelg, med god hjelp av sine eigne variantar av Solan og Ludvig. Dei går no her alle tre - to små og ei litt større - og tumlar med sitt i påvente av at det kjem gjester og kakkar på døra. Snart er det ikkje lenge før Sydama får joleferie (Sydama - må bli Ben Reddik Fy Fasan, det då?!). Då blir dei fire til å stuke og stelle - og me kan difor delvis garantere at ting er på stell til siste innspurt før jolefreden senkar seg over alle og ein kvar! Stikk gjerne innom oss før den tid!
søndag 8. desember 2013
gryande jolestemning
Sydama og Tøydokka trippar av forventing om dagen (for Sydama sin del skuldast det beklagelegvis delvis av eksamensnerver). Det nærmar seg jol, må vite - og enn så lenge ligg snoen tykk og kvit. Hadde ikkje Tøydokka jolefryden på plass før, så fekk ho han iallefall på plass i går, då ho var med på jolemarknad i Høydalsmo. Ormbrekk gard i den blåaste blåtimen er eit syn du burde få med deg - så var du der ikkje i år bør du sikre deg synet til neste år!
Spennande nytt frå Lucie Kaas er rett rundt hjørnet. Me gledar oss stort, og håpar me ser deg i dei dagane det er att før me tar ein liten joleferie!
Spennande nytt frå Lucie Kaas er rett rundt hjørnet. Me gledar oss stort, og håpar me ser deg i dei dagane det er att før me tar ein liten joleferie!
lørdag 16. november 2013
oi,oi,oi...
... gått ei tid sidan det vart skribla her sist, gitt... Skal ikkje love at det blir andre bollar framover, men har eit lite håp om at det er nett det det skal bli! Om det er stille akkurat her, kan me love at det ikkje er like stille rundt Sydama og Tøydokka slik i det verkelege liv! Dei har det travelt med å legge både vidløftige og meir jordnære framtidsplanar for deira felles geskjedt, samtidig som dei gledar seg stort til å dukke opp på eit par jolemarknadar som er rett rundt hjørnet! Me blir å finne på Galleri Straume torsdag 5. desember, kl. 17-20.00, og i Byrte den 8. desember. Kan hende møter me deg der? Det trur me nok me ville ha lika!
fredag 13. september 2013
kremmarbod og klappstolar
Me overraska denne laurdagen oss sjølve med å hugse på å putte to stk. klappstolar i bagasjerommet (eller bagasjeromma - me køyrde faktisk i karavanestil over rettlina, av praktiske, langt frå sosiale årsakar). Gav så absolutt meirsmak, og blir mest sannsynleg fast inventar på kremmarturane framover.
Når det er sagt, er det på sin plass å informere om at Tøydokka sitt gjesterom klargjer seg for nok ein sesong som butikklokale (styreleiaren gler seg over at det endeleg, som fylgje av nett dette faktum, er toleg ryddig der inne att). Med andre ord vil kremmarane fortsatt vere tidvis på hjul, men har vore omsutfulle (er det eit ord?) nok til å planlegge vinterlagring for si kjære campingvogn i næraste framtid.
Når det er sagt, er det på sin plass å informere om at Tøydokka sitt gjesterom klargjer seg for nok ein sesong som butikklokale (styreleiaren gler seg over at det endeleg, som fylgje av nett dette faktum, er toleg ryddig der inne att). Med andre ord vil kremmarane fortsatt vere tidvis på hjul, men har vore omsutfulle (er det eit ord?) nok til å planlegge vinterlagring for si kjære campingvogn i næraste framtid.
lørdag 31. august 2013
forblåst torgdag
Torgdag på Øyfjell bygdemuseum har blitt nærmast ein hausttradisjon for dei to kremmarane å rekne - i år intet unntak. Tøydokka troppa opp - utan campingvogn, men med noko av innmaten, i tillegg til to miniatyrkremmarar (som rett nok fann det langt meir interessant å leike i sandkassa og eta sveler enn å drive forretning). Eit par stativvelt, men elles gjekk dagen knirkefritt. Tusen takk til alle som slentra innom oss!
mandag 19. august 2013
smekker over fjellet
Tenke seg til - no skal me snart levere smekker til Bergen! Bergit Brattekås - vår nyutnevnte marknadsføringsansvarlege - har vore snartenkt nok til å drive ei form for lobbyverksemd i barnehagen til hennar to unge, lovende. Med smekkene vel over fjellet, føyer denne betillinga seg elegant inn i det som nærmast kan sjå ut til å bli vår vesle nisje. Dalen barnehage var nemleg fyrst ute med å sikre seg Småfolksmekker til dei minste matglade. Me let jubelen stå i campingtaket!
søndag 18. august 2013
tirsdag 6. august 2013
kremmarane førebur langtur
Heilt til Rjukan, skal me! Vel og merkje utan Colchester'n, som har trilla nok i sommar. Kunne rett nok vore spennande for han å få oppleve fartsrekord over rettlina, men det får bli ei anna gong. 7. september står me på Kjeringtorget og førebur oss på invasjon frå 1600 turglade - me gledar oss!
Stikk innom Kjerringsveiven si facebookside HER!
Stikk innom Kjerringsveiven si facebookside HER!
Abonner på:
Innlegg (Atom)








