Det luktar vår i Øyfjell. Snedig nok, sidan det fortsatt står april på kalenderen, men like fullt sant. Etter ei aldri så lita vinterdvale, har to kremmarar no børsta støvet av butikkhyller og kasseapparat. Føysa ut dovne fluger, som heller ikkje heilt tør å tru på at det vårast rundt husveggane. Arrangert eit stevnemøte mellom såpevatn og tregolv. Og endeleg fått varene våre ut av kasser og opp på veggen. No heng dei og flottar seg i påvente av besøk, og gledar seg til du kjem innom!
søndag 9. april 2017
tirsdag 13. september 2016
Dyrskun er over for denne gong
Det blei sommarhite og haustregn. Trøtte føtar og mette magar. Mange tome kleshengarar - og to smørblide kremmarar! Dyrskun i Seljord er over for denne gong, og Sydama og Tøydokka ynskjer å takke alle som var innom standen vår i helga!
Like fullt vil me takke det makalause hjelpeapparatet vårt for at dei står slik på for oss! Tusen takk til Olav, Sigmund og styreleiaren for både opp- og ned(og opp og ned...)snekring av bod, til styreleiaren for disk og benk, Momma, Beppe, Bestemor og Bestefar for barnepass og Aasmund og Olav for ei knakande fin, splitter ny nettside!
Hipp hurra for hjelpeapparatet!!
fredag 2. september 2016
snart legg me ut på neste etappe...
...ei veldig spennande ei - ute på den store, vide verdsveven! I tillegg til at andre høgda på Straumebui vil halde fram med å vera full av leikande lekkert, set nemleg Sydama seg no ved nettbutikkspakane! Me gledar oss langt uti vesletæane, og er gruleg spente på korleis dette blir mottatt.
Takka vore Aasmund og Olav - og Sydama, sjølvsagt (om enn mest som mental støtte og pisksveipar foreløpig!) - nærmar sida seg klar. Me byrjar slik litt i det små, og avventar responsen frå folket. Denne vil på mange vis forme sida framover, så får me bruke tida på å bli varme i nettbutikktrøya så lenge!
søndag 29. mai 2016
snart så økologiske at det gror planter opp mellom golvborda!
OK, så var det å ta litt vel hardt i... Likevel er me temmeleg så stolte over at ein stor del av det me sel deg over disken vår, er økologisk produserte klede. Men kva vil nettopp det eigentleg seie?
Økologiske klede er klede laga av fibrar (til dømes bomull, lin, silke eller ull) som er produsert økologisk, altså utan syntetiske kjemikaliar. Dei har fått vekse og blitt hausta inn utan bruk av giftige uhumskhetar, men med naturlege metodar for mellom anna å styrke jordkvaliteten og halde unna skadedyr. Ein uavhengig tredjepart (med andre ord verken bomullsbonden eller fabrikktilsette) må til for å godkjenne ein farm og produksjon som økologisk.
Om du finn merkjelappar som GOTS Standard eller Økotex Standard 100, kan du difor smile og klappe deg litt på skuldera. Det er nemleg slik at nokon leverandørar får lov til å saume fast desse merkjelappane på kleda sine og andre ikkje, Det vil det seie det same som at det er nokre klesplagg der ute som er giftfrie - og andre som definitivt ikkje er det.
I tillegg til økologiske klede, gjer det godt for samvittigheten at stadig fleire leverandørar kan skilte med rettferdig handel. Enkelt og greit vil det seie det same som at dei som gjer jobben for at kleda kjem ut i butikkane, får dei rettane og den løna dei har krav på. I tillegg får småprodusentar i u-land betre vilkår. Igjen kan det vere verd å tenkje på at det slett ikkje er ei sjølvfylgje.
Økologiske, "rettferdige" klede er gjerne litt dyrare enn andre klede. Kort og greit kjem dette av at økologisk produksjon generelt er dyrare enn andre driftsformer. Skal arbeidarane i alle ledd òg ha løn for strevet, vil det seie at me må ut med litt meir for eit plagg. Om du vel å gjere det eller ei, er ditt val!

Oppdateringsturke...
Tida flyg når ein har det skøy - og det blir ikkje alltid like god tid til bloggoppdateringar..! I desse dagar ventar me i tillegg spent på neste nettsprell - fiffige, små idèar som etter kvart skal bli til vår eiga nettside! Det skal bli stor stas, men enn så lenge klarar me oss så fint som bare det.
onsdag 17. februar 2016
Hurra for sesongstart!
Den opprinnelege planen var å lugna ner lite i år. Opne til påske. Stenge att fram til juni. Men så vart det ikkje heilt slik når alt kom til alt. Kremmarlivet frista tidlegare enn tenkt - trass uhorverleg mange minusgrader og ei gjenomklaka Straumebu! No sparkar me i gang sesongen laurdag 20. februar - og held det gåande kvar helg ut året!
Kremmarane nede i fyrste går og gnir seg i hendane over at det for ei gongs skuld er langt meir kaos oppe enn nede slik nokså rett før me skal opne dynnane! Sydama og Tøydokka pustar frostrøyk og legg i ovnen. Kler seg i tre-fire lags ull og tek to luver oppå kvarandre. Skreller deretter av lag på lag etter nokre turar opp og ned trappa med nye varer, skuving på skåp og småkrangling med stridige skruvar.
Me fyller bui att med både gamalt og nytt! Under serverar me ein aldri så liten potpurri av noko av det som er å finne i hyllene våre framover. Me gler oss til å vise deg alt saman!

tirsdag 3. november 2015
Straumemarken
Markensdag på Straume, det må vera tingen - slik ørlitegrann uti november? Det har i alle fall dei fire kremmarane landa på! Ein nokså liten marken, rett nok, men slike kan vera vel verd eit besøk. Litt trongt om plassen er kanhende einaste ulempa, men trongt om plassen må me innrømme at me håpar det blir! Me har rigga om både oppe og nede. Mest nede i denne omgang, rett og slett for å få plass til eit stadig større utval lokalmat. Her fins no både mjøl frå Hjartdal og müsli frå Den gode baker, tetøser og Lårdalshonning, eplemost og Kongen av Danmark. Lamapylse, Herefordkjøt og egg. Brau og kling. Og på laurdag òg sveler. Smakslaukane ropar hurra for Jorunn sine vidgjetne sveler!
Har du ikkje vore oppe i høgda på ei beite, bør du førebu deg på eit møte med krittida i det eine hjørnet. Dinosaurar har inntatt Straumebui, til stor glede for mange små gjester (Tøydokka kan anbefale dyra på det varmaste etter å ha hatt nokre eksemplar innlosjert over tid. Overraskande nøysame i kosten, stogereine og veloppdragne. Dessutan nærmast uslitelege). Her er ny forsyning ull frå Kattnakken og eit utval kvalitetsleiker til små og litt større. Påfyll av Lucie Kaas og ein alldeles nydeleg smakebit på keramikk frå Kvist rett rundt hjørnet - jolepynt i denne fyrste omgang. Litt for dei store, mest for dei små. Me håpar og trur du vil finne noko du likar!
I tillegg til alt dette blir det nybaka brød å få kaupt, heimelaga drops, spit og varer frå ei spennande elevbedrift! Me lokkar òg med småaktivitetar for dei som går lei av skravling, eting og handling.

fredag 2. oktober 2015
Hanne sine strekar...
...har endeleg kome litt meir til sin rett! Du finn både originalar og kopiar av teikningane hennar hjå oss!
Abonner på:
Innlegg (Atom)