Med kunngjort avduking i slutten av månaden er det ikkje anna å gjere enn å gje seg i kast med ytterlegare oppfreshing av Colchester'n. Noko surt var det å erkjenne at tøydokka sin betre halvdel gjorde unna siste rest av innvendig vognribbing på vesentleg kortare tid enn oss, men gleda over å sjå resultatet, skubba unna all form for muggen stemning.
I dag tredde me på oss arbeidshanskane (i form av småblomstra hagehanskar for å balansere testosteronosande nærkamp med stridig campinginventar), røska ut golvbelegg, kvitta oss med spikerstumpar så langt det let seg gjere, dynka tak og veggar i salmaikkvatn - og la sparkel så det skvatt rundt oss. No står vogna der i junikvelden og trippar etter å få kjenne fyrste målingsstrøket. Trippar gjer me òg - ein kjapp telefon til Jotun, no, så er me klare!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar