Det nærmar seg 18. august og historiens fyrste Handelsmøte i Gamleveg! Ein litt småsliten garasje skal, om alt går etter planen, få sin renessanse som torgdagkulisse - og me håpar sjølvsagt at smått og stort tar turen innom! Colchester'n er sjølvsagt på plass, forhåpentlegvis stuvande full av nye varer! I tillegg har de vårt fyrste "sommarsal" å sjå fram til, med mål om at utvalde kreasjonar går som hakka møkk!
Det er nok ikkje anna å gjere enn å setje av dagen og karre seg til Åmot for å avlegge kremmarane ein visitt! I mellomtida får du tida til å gå med tysdagsope i Colchester'n!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar