Bak høge brøytekantar går det i desse tider føre seg det som grensar til hektisk aktivitet. Har du lagt merkje til den gamle landhandelen på Straume før? Ein ytterst sjarmerande sak - om enn godt merkt av tidens tann - som liksom bare står og trippar etter at nokon skal koma innom og helse på.
Det har me gjort. Me har helsa på og byrja å gjort oss kjende med to rom der oppe i andre etasje som snart skal huse Om att sine tøy og ting. Tenk å vera så heldige at nokon spør oss om me har lyst til akkurat det! Og denne som har spurt oss, er Thorild. Kremmarkompis og alliert - ettersom ho skal regjere i fyrste etasje, i lag med Ruth. Her kjem det til å bugne av brukt og nytt i skjønn forening. Det skal lukte kaffi og Thorild sitt bakeverk. Her kan du gå og snuse mellom skattar av ulike slag, før du karrar deg opp trappa til Sydama og Tøydokka.
Me gledar oss frykteleg til å flytte inn - og ikkje minst til å ynskje deg velkomen til handel, skravling og latter i bui på Straume!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar