onsdag 13. mars 2013

litt slik...

...er det her òg, gitt!

Til alle som lurar - kremmarane har ingen planar om å reise utanbygds i påska. Ein skitur kan dei finne på å ta seg, men då er me sannsynlegvis ikkje så frykteleg langt unna då heller!

Med andre ord gjeld desse opningstidene - er Tøydokka heime er bui open!

Langfredag står me, klare som påskeegg, i ei snofonn utanfor Galleri Straume. Med solbriller, Kvikk-lunsj og appelsiner (om det så striregner...) - og ein heil brøte butikkinventar! Kanskje har me nye varer frå Ugly i hus innan den tid - i så fall er det ingenting å lure på, langfredag møter me deg på Straume!

vervekampanje!


Det er med store, særs nøgde smil om munnen det registrerast stadig fleire tilhengjerar på facebooksida vår! På forrige krigsråd fann imidlertid kremmarane ut at dei kan tenkje seg å slenge ut ei ny vervekampanje, i håp om at det skal bli endå fleire! Tøydokka forstår seg sjølvsagt ikkje på dette facebookeriet, men Sydama har ymta frampå om at ho kan be alle som vil om å finne sida vår, trykke kjapt og brutalt på "lik" (eller var det "del"?? Trykk båe, for å vera sikker!) - og slik vere med i den beinharde konkurransen om ein pappæning! (til alle dei som rynka på bryna her; pappæning er då altså vår variant av gåvekort). Pappæningverdien vil tilsvare antal likarar på sida vår, så her er det bare å verve 
til svetten silar! 

Lykke til, godtfolk!

søndag 17. februar 2013



vårnytt frå Småfolk!


Endeleg har me fått inn klesplagg til dei aller minste! 
Her er eit brøl av ein body, frå str. 56-86. 

sengetøy frå Froy & Dind



smakebit på tydagens Røvarkaup


Body frå Småfolk i str. 92 og 98

Om att i kremmargarasjen



Laurdagens Handelsmøte i Gamleveg viste seg å bli ei fortreffeleg anledning til å vise fram herleg vårnytt frå Småfolk! Jaudå, vårnytt - i fem kalde og sno under skoa, men likevel!

Tusen takk til alle som svinga innom oss i kremmargarasjen!

Og ikkje minst, tusen takk til våre fire små kompisar, som meir eller mindre frivillig (og uvitande) stilte som modellar på ein kald catwalk framfor Silkevippa! Den minste den einaste som heldt fokus fram til scena - dei tre resterande nøya seg med å vera beinflygande reklame..! Glade, varme småfolk, fins ikkje betre reklame enn det!

tirsdag 12. februar 2013

ikkje akkurat lynande effektivt...

Tøydokka skuler bort på Pfaff'en som står der, ventande. Klar til dyst. Tøydokka er ikkje så klar. Ho sit og festar fjørten trådar i det som skulle ha vore ei jolegåve, men som no ikkje er det lenger. Ho tar seg i å tenkje at nettopp den jolegåveproduksjonen er skremande lett samanliknbar med visa som byrjar med "Og det var vesle Jensemann, han strever dagen lang". Jensemann snekra, Tøydokka hekla denne gongen. Det starta bra. I fint driv og i harmonisk samspel med både heklenål og dobbel tråd. Men det vara ikkje så lenge.  Parallelt med ei heller trasig realitetsorientering kring kva ho får tid til av handarbeidssysslar klemt inn mellom bleieskift og snørrtørk, minkar ambisjonane. Og i likskap med Jensemann, som ho no kjenner ei sterk samhøyre til, endar Tøydokka opp med noko langt anna enn ho hadde planar om. Men det er hekla med kjærleik, Åse Marie - hugs no endeleg det!

Med andre ord - noko rykande ferskt heimesauma på laurdagens Handelsmøte kjem ikkje på tale! Her er det trådar som skal festast!