søndag 9. juni 2013

rapport frå tidenes kremmarhelg!

Det var to lukkelege kremmarar som, meir eller mindre knirkefritt, kunne hekte Colchester'n bak fullstappa bil og ruse ned Eidsborgberget sist laurdag. Oldemors gatefrukost på Dalen baud på sommarvarme, herleg mat og drikke frå Tone på Spitet, jamnt tilsig av kundar - og eit forfriskande regnskyl då me var klare til å vende nasa heimover att.

Dagen derpå venta ei noko kaldare oppleving på Bygdemarknaden på Rauland, der ullgenser og eit ynskje om sydvest galant erstatta gårsdagens stuttbukser og solbriller. Bitande kaldt, men dog - det var to jublande glade kremmarar som køyrde heim att etter å ha sett ny, heidundrande salsrekord! (rett nok etter ein times leiting etter bilnyklar før heimreise...).

Tusen takk til samtlege kundar - og for ikkje å gløyme Mr. G, som var storsinna nok til å låne oss sin elskede Caddy til Dalen!

Øyfjell Grand Prix vel overstått!

Ein makalaus dag går mot slutten. Øyfjell Grand Pix er over for denne gong, men me lever lett på gode minner fram til neste løp går av stabelen! All ære til kreative, nevenyttige og uredde olabilsjåførar, dyktige dugnadsarbeidarar og eit imponerande stort publikum for eit herleg arrangement!
 

Det kribla nok litt i Colchester'n etter å seta utfor i lag med eit fantastisk koppel olabilar, men han måtte fint nøye seg med å stå og sjå på sirkuset. Temmeleg så stas var det nok likevel, for Sydama har sett ny standard for campingvogninventar dei siste dagane!
 
Til tysdag er det verd å nevne at de finn oss i meir sentrale strok av Øyfjell, nærare bestemt i tunet til Sydama sitt opphav - rett over vegen for barnehagen. Der sit me nok og knaskar graslauk, som hittil er det einaste Tøydokka kan ta med frå eigen kjøkenhage, eller eventuelt eit kjeks eller to. Du skal få smake du òg, om du vil!

torsdag 9. mai 2013

Home, sweet home!

Då er vår høgt elska Colchester tilbake på plass, blank og fin (rett nok ikkje på grunn av hederleg innsats med såpesvamp og poleringsfille frå dei to kremmarane si side, snarare takka vore eit realt vårleg regnskyl!).

fredag 26. april 2013

kremmarhelg!

Det er vår i lufta, kremmarane kan lukte det! Det luktar smeltesno, gjørme og jord - fine greier! Det kriblar lett i utolmodige kremmarkroppar - for tenk, snart er me på hjul att. Trass vårfornemmingane er det imidlertid piggar i dekka enno, for ein kan aldri vite her oppe i fjellbygdane... Og Colchester'n ligg fortsatt i vinterdvale, så heilt i rute er me ikkje før sommarsesongen. Likevel ladar me godt opp denne helga, då det ventar to heile dagar med handel og vandel.

Laurdag 27. april, mellom kl. 11.00 og 14.00, sparkar me igang Handelsmøte i Gamleveg att, før Vårmarknad i Lårdal, frå kl. 12.00-17.00 ventar på sundag. Me gledar oss!

mandag 1. april 2013

morgodagens Røvarkaup

 
Ljoseblå body frå Småfolk, str. 92 og 98, kan bli din (dine, for den saks skuld!) for kr. 170,-

påskehøns 2013


Fjorårets påskehøns frå Om att var eit knippe fornemme fruer av finull, men sneisane har fått kvile i 2013... I staden vaks det fram nokre lutrygga fjærkre under symaskinfoten. Til venstre ser de Bettina, som med eit overutvikla hønemorsinstinkt byr alle og ein kvar på heimebaka brød (sjølv om dei ikkje har lyst på). Like ved vaglar Aurora - ei pensjonert karrierehøne, som sjølv påstår at ho hadde ein finger eller to med i klekkinga av idèen om Kinderegg i si tid.

Kommentar frå Tøydokka sin detaljfokuserte son; "Du mamma, du glømte augor!".
 
 
 

Om att on tour

Kremmarane kapra ei snofonn utanfor Galleri Straume, rigga seg til med klappstolar og sitjeunderlag, solbriller og sjokoladekake (all ære til Sydama for makalaus bakst!).
Lunsjen tok me innandørs - elles samla me fregner så godt det let seg gjera, og la ein heil drøs med planar for korleis me kan effektivisere nomadelivet vårt framover. Om det let seg gjera i praksis, gjenstår å sjå!

Tusen takk til damene på Galleriet for å gje oss tumleplass og selskap langfredag!

onsdag 13. mars 2013

litt slik...

...er det her òg, gitt!

Til alle som lurar - kremmarane har ingen planar om å reise utanbygds i påska. Ein skitur kan dei finne på å ta seg, men då er me sannsynlegvis ikkje så frykteleg langt unna då heller!

Med andre ord gjeld desse opningstidene - er Tøydokka heime er bui open!

Langfredag står me, klare som påskeegg, i ei snofonn utanfor Galleri Straume. Med solbriller, Kvikk-lunsj og appelsiner (om det så striregner...) - og ein heil brøte butikkinventar! Kanskje har me nye varer frå Ugly i hus innan den tid - i så fall er det ingenting å lure på, langfredag møter me deg på Straume!

vervekampanje!


Det er med store, særs nøgde smil om munnen det registrerast stadig fleire tilhengjerar på facebooksida vår! På forrige krigsråd fann imidlertid kremmarane ut at dei kan tenkje seg å slenge ut ei ny vervekampanje, i håp om at det skal bli endå fleire! Tøydokka forstår seg sjølvsagt ikkje på dette facebookeriet, men Sydama har ymta frampå om at ho kan be alle som vil om å finne sida vår, trykke kjapt og brutalt på "lik" (eller var det "del"?? Trykk båe, for å vera sikker!) - og slik vere med i den beinharde konkurransen om ein pappæning! (til alle dei som rynka på bryna her; pappæning er då altså vår variant av gåvekort). Pappæningverdien vil tilsvare antal likarar på sida vår, så her er det bare å verve 
til svetten silar! 

Lykke til, godtfolk!