mandag 24. mars 2014

det kriblar i armar og bein!


Bak høge brøytekantar går det i desse tider føre seg det som grensar til hektisk aktivitet. Har du lagt merkje til den gamle landhandelen på Straume før? Ein ytterst sjarmerande sak - om enn godt merkt av tidens tann - som liksom bare står og trippar etter at nokon skal koma innom og helse på. 

Det har me gjort. Me har helsa på og byrja å gjort oss kjende med to rom der oppe i andre etasje som snart skal huse Om att sine tøy og ting. Tenk å vera så heldige at nokon spør oss om me har lyst til akkurat det! Og denne som har spurt oss, er Thorild. Kremmarkompis og alliert - ettersom ho skal regjere i fyrste etasje, i lag med Ruth. Her kjem det til å bugne av brukt og nytt i skjønn forening. Det skal lukte kaffi og Thorild sitt bakeverk. Her kan du gå og snuse mellom skattar av ulike slag, før du karrar deg opp trappa til Sydama og Tøydokka. 

Me gledar oss frykteleg til å flytte inn - og ikkje minst til å ynskje deg velkomen til handel, skravling og latter i bui på Straume!

fredag 21. mars 2014

det nærmar seg noko stort...

...ei såkalla ny epoke i Om att - litt på halv åtte si etterkvart rimeleg begivenhetsrike historie. Som vanleg er me uhyre løymdomsfulle, sjølv om me eigentleg er frykteleg dårlege på slikt. Men om ikkje altfor lenge kan me sleppe vår våryre nyhet, og håpar at de vil bli like begeistra for denne som det me er! Snart, snart!

I mellomtida har de sjansen til å dilte rundt klesstativa våre, som nok ei gong er ute og luftar seg i anledning barnekafè på Galleri Straume, torsdag 27. mars mellom kl. 11-14.00. I tillegg blir dei ståande til kvelden har lista seg på tå og vel så det - med andre ord fram til den same torsdagens kreative kveld er avslutta kl. 22.00.

mandag 24. februar 2014

kafèturnèen fortset

Me fann ut at me likar oss så godt på kafè at me kjem til å halde fram med nett det! Fyrstkomande torsdag, 27. februar, mellom kl. 11-14.00, finn du oss på Galleri Straume sin barnekafè. Tøydokka stiller med søtt og stilig frå dei fire leverandørane våre, og lovar dessutan å ta med seg kuffertkuppet!

mandag 27. januar 2014

Om att til Rauland!


Laurdag 8. februar trassar me snomengdene og pakkar med oss klesstativa våre for å reise utanbygds! Kaffibaren på Rauland har vore så snille at dei vil huse oss for ein dag, og me gledar oss til å rigge opp bui i eit for oss heilt nytt lokale. Så håpar me sjølvsagt at me treffer både gamle og nye kundar ute på vift - Kaffibaren 8. februar, mellom kl. 12-17.00 er staden!

lørdag 18. januar 2014

noko er i gjære...

Det handlar om nøye tilpassa trappetrinn, glava og spikerpakker. Hammar og sag og kapping av bord. Plater og blyantstrekar, sagflis og maksimal utnytting av areal. Me vil ikkje seie meir på noverande tidspunkt. Du får vente og sjå. Det er i grunnen det me òg gjer - enn så lenge!

det nærmar seg utflukt

- og målet? Me har sirkla oss inn på Kaffibaren på Rauland, og gledar oss til å ut på farten att! Om alt går etter planen, har me herleg nytt frå Alba med oss i kofferten - i tillegg til klesplagga me er litt betre kjende med frå før. Laurdag 8. februar er me på plass!

onsdag 11. desember 2013

så fint at det gjer vondt!





Det einaste, vesle skåret i gleda er at kleda du her ser bilete av høyrer til tidlegare kolleksjonar... Med andre ord får me nøye oss med å kvile augo på akkurat desse plagga - og heller glede oss vilt og uhemma til kva me snart har i vente!


tirsdag 10. desember 2013

siste krampetrekning før joleferie

 
Ja, Tøydokka tar det med ro.
Dette her er litt slik Flåklypaaktig, tenkjer ho der ho tassar rundt og pakkar ut att bui etter marknadshelg, med god hjelp av sine eigne variantar av Solan og Ludvig. Dei går no her alle tre - to små og ei litt større - og tumlar med sitt i påvente av at det kjem gjester og kakkar på døra. Snart er det ikkje lenge før Sydama får joleferie (Sydama - må bli Ben Reddik Fy Fasan, det då?!). Då blir dei fire til å stuke og stelle - og me kan difor delvis garantere at ting er på stell til siste innspurt før jolefreden senkar seg over alle og ein kvar! Stikk gjerne innom oss før den tid!

søndag 8. desember 2013

gryande jolestemning

Sydama og Tøydokka trippar av forventing om dagen (for Sydama sin del skuldast det beklagelegvis delvis av eksamensnerver). Det nærmar seg jol, må vite - og enn så lenge ligg snoen tykk og kvit. Hadde ikkje Tøydokka jolefryden på plass før, så fekk ho han iallefall på plass i går, då ho var med på jolemarknad i Høydalsmo. Ormbrekk gard i den blåaste blåtimen er eit syn du burde få med deg - så var du der ikkje i år bør du sikre deg synet til neste år!



Spennande nytt frå Lucie Kaas er rett rundt hjørnet. Me gledar oss stort, og håpar me ser deg i dei dagane det er att før me tar ein liten joleferie!