søndag 1. juni 2014

framtidig treningsfenomen?

Skraping av golv viste seg å vera like svetteframkallande som ei treningsøkt med over middels muskelinnsats. Anar me ein komande hit på treningsfronten?

fredag 30. mai 2014

me innleier straks sommarsesongen!


For ein Colchesterfantast fins det neppe eit vakrare syn..! Vogna vår trilla ut på sin andre luftetur i dag, etter eit vinterhalvår under tak, og er snart klar for å vise seg fram. Sundag er du meir enn velkomen til å innom for å helse på!

søndag 25. mai 2014

snart klare for eit nytt Øyfjell Grand Prix!


Sundag 1. juni er Colchester'n på plass att. Sannsynlegvis plassert lett tilgjengeleg - midt i olabilgryta (les; Solvang). Me gledar oss til ein heidundrande dag med fart og moro, der me kan heie små og store olabilentusiastar over mållina! Like mykje ser me fram til dokkevogn- og trøbilparaden opp det som må kunne reknast som ei av hovudgatene i Øyfjell. Detta blir så stas!

søndag 11. mai 2014

skrapemani og pussestøv

Tøydokka klappar seg sjølv på skuldera for fyrste dugnadsinnsats i Straumebui (og sender samtidig eit klapp til Sydama, som svettar over sine eksamensførebuingar). Så prøvar ho iherdig - og sannsynlegvis fånyttes - å kvitte seg med pussestøv i håret, gnir skrapemusklar og smiler stort over utsikter til nokså snart å kunne flytte inn i eit spell nytt og likevel eldgamalt butikklokale.

Nikkar til dagens yngste dugnadsarbeidar sine kloke ord; "Det er jammen bra dette huset ble laga av tre, for da varer det i ti tusen år, minst".

fredag 9. mai 2014

knallhard marknadsføring på trappene

Ja, ja - knallhard og knallhard. Nokre kjappe tastetrykk som klistra eit meir eller mindre velvald slagord over magebeltet på Colchester'n er det me har prestert så langt. Likevel - intet mindre enn tusen eksemplar av dette utsøkte flygebladet skal nokså snart innta Vest-Telemark (me nyttar høvet til å takke høgare makter for at det fins nokon som let to kremmarar koma på marknadsføringsbanen trass rimeleg slunkne lommebøkar). Før du veit ordet av det har det hamna i postkassa di - du er med dette førebudd.