lørdag 31. august 2013

forblåst torgdag

Torgdag på Øyfjell bygdemuseum har blitt nærmast ein hausttradisjon for dei to kremmarane å rekne - i år intet unntak. Tøydokka troppa opp - utan campingvogn, men med noko av innmaten, i tillegg til to miniatyrkremmarar (som rett nok fann det langt meir interessant å leike i sandkassa og eta sveler enn å drive forretning). Eit par stativvelt, men elles gjekk dagen knirkefritt. Tusen takk til alle som slentra innom oss!


mandag 19. august 2013

smekker over fjellet

Tenke seg til - no skal me snart levere smekker til Bergen! Bergit Brattekås - vår nyutnevnte marknadsføringsansvarlege - har vore snartenkt nok til å drive ei form for lobbyverksemd i barnehagen til hennar to unge, lovende. Med smekkene vel over fjellet, føyer denne betillinga seg elegant inn i det som nærmast kan sjå ut til å bli vår vesle nisje. Dalen barnehage var nemleg fyrst ute med å sikre seg Småfolksmekker til dei minste matglade. Me let jubelen stå i campingtaket!

tirsdag 6. august 2013

kremmarane førebur langtur

Heilt til Rjukan, skal me! Vel og merkje utan Colchester'n, som har trilla nok i sommar. Kunne rett nok vore spennande for han å få oppleve fartsrekord over rettlina, men det får bli ei anna gong. 7. september står me på Kjeringtorget og førebur oss på invasjon frå 1600 turglade - me gledar oss!

Stikk innom Kjerringsveiven si facebookside HER!

onsdag 31. juli 2013

ei ørlita presisering

Tøydokka kom i skade for å uttale seg om at vårt einaste alibi for eigenproduserte varer hadde foretatt eit eigarskifte sist laurdag, utan å presisere at dette gjeld saum.

Sydama har sjølvsagt lura inn ei hekleøkt eller to mellom matematiske utrekningar og svette eksamenar i Grimstad, og klaska eit knippe herlege gryteunderlag i disken for ei tid tilbake. Du kan sjå dei der dei ligg og blømer, omtrent midt i biletet. I påvente av at me får i gang symaksinene att føreslår me at du kokar deg opp noko varmt og nyt det, medan kjelen kviler på eit av desse!

mellom lappar og løppur

Aldri har me vore ute i så god tid! Var på plass, ferdigrygga, utpakka og klare til dyst før klokka slo elleve og bygdedagen i Åmotsdal 2013 offisielt var i gang - tenk det! Med sola toleg jamnt steikande vart det ein fin-fin sommardag. Me pendla mellom solvegg, campingvogn, loppemarknad og mattelt - der me var så heldige å få forsyne oss fritt. Kan to kremmarar på hjul ha det betre?? Neppe.

Då me trilla oss ut frå parkeringsplassen tidleg kveld (med tre velfungerande sommardekk og eit stk knatrande piggdekk grunna ei uventa punktering (når er punkteringar venta?)), kunne me oppsummere ein langt over middels triveleg og innbringande dag. Tusen takk for at me fekk koma til Åmotsdal, og til alle som var innom oss der!

(Det einaste alibilet vårt med tanke på eigenprodusere kreasjonar, forlet vogna denne dagen, og kremmarane innser no at det er på høg tid å få fart på symaskinene. På veldig høg tid).


søndag 9. juni 2013

rapport frå tidenes kremmarhelg!

Det var to lukkelege kremmarar som, meir eller mindre knirkefritt, kunne hekte Colchester'n bak fullstappa bil og ruse ned Eidsborgberget sist laurdag. Oldemors gatefrukost på Dalen baud på sommarvarme, herleg mat og drikke frå Tone på Spitet, jamnt tilsig av kundar - og eit forfriskande regnskyl då me var klare til å vende nasa heimover att.

Dagen derpå venta ei noko kaldare oppleving på Bygdemarknaden på Rauland, der ullgenser og eit ynskje om sydvest galant erstatta gårsdagens stuttbukser og solbriller. Bitande kaldt, men dog - det var to jublande glade kremmarar som køyrde heim att etter å ha sett ny, heidundrande salsrekord! (rett nok etter ein times leiting etter bilnyklar før heimreise...).

Tusen takk til samtlege kundar - og for ikkje å gløyme Mr. G, som var storsinna nok til å låne oss sin elskede Caddy til Dalen!

Øyfjell Grand Prix vel overstått!

Ein makalaus dag går mot slutten. Øyfjell Grand Pix er over for denne gong, men me lever lett på gode minner fram til neste løp går av stabelen! All ære til kreative, nevenyttige og uredde olabilsjåførar, dyktige dugnadsarbeidarar og eit imponerande stort publikum for eit herleg arrangement!
 

Det kribla nok litt i Colchester'n etter å seta utfor i lag med eit fantastisk koppel olabilar, men han måtte fint nøye seg med å stå og sjå på sirkuset. Temmeleg så stas var det nok likevel, for Sydama har sett ny standard for campingvogninventar dei siste dagane!
 
Til tysdag er det verd å nevne at de finn oss i meir sentrale strok av Øyfjell, nærare bestemt i tunet til Sydama sitt opphav - rett over vegen for barnehagen. Der sit me nok og knaskar graslauk, som hittil er det einaste Tøydokka kan ta med frå eigen kjøkenhage, eller eventuelt eit kjeks eller to. Du skal få smake du òg, om du vil!

torsdag 9. mai 2013

Home, sweet home!

Då er vår høgt elska Colchester tilbake på plass, blank og fin (rett nok ikkje på grunn av hederleg innsats med såpesvamp og poleringsfille frå dei to kremmarane si side, snarare takka vore eit realt vårleg regnskyl!).

fredag 26. april 2013

kremmarhelg!

Det er vår i lufta, kremmarane kan lukte det! Det luktar smeltesno, gjørme og jord - fine greier! Det kriblar lett i utolmodige kremmarkroppar - for tenk, snart er me på hjul att. Trass vårfornemmingane er det imidlertid piggar i dekka enno, for ein kan aldri vite her oppe i fjellbygdane... Og Colchester'n ligg fortsatt i vinterdvale, så heilt i rute er me ikkje før sommarsesongen. Likevel ladar me godt opp denne helga, då det ventar to heile dagar med handel og vandel.

Laurdag 27. april, mellom kl. 11.00 og 14.00, sparkar me igang Handelsmøte i Gamleveg att, før Vårmarknad i Lårdal, frå kl. 12.00-17.00 ventar på sundag. Me gledar oss!