lørdag 19. november 2011

Litt på halv åtte – om kvifor me har mønsterark, men ikkje alltid brukar det

Sjølv om ein har kome så langt at ein kjem brukbart overeins med symaskina, fylgjer dessverre ikkje alltid tolmod og pinleg nøyaktig presisjon automatisk med på kjøpet... Det har båe kremmarane til dei grader fått erfare, men heldigvis lar me ikkje slike bagatellar stoppe oss! I staden svergar me i dei fleste tilfelle hardnakka til klypping på måfå, tidvis sløyfing av knappenåler – og bryr oss ikkje stort om å samanlikne det ferdige resultatet med det opprinnelege utgangspunktet. Me satsar med andre ord på ein heidundrande sjarmoffensiv, snarare enn ei forestilling i trongsynt syetikk, og håpar på at resultatet fell i smak!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar