fredag 11. november 2011

Om att – frå tankespinn til rein, skjær buisniss

Det skal ikkje så mykje til for å kome opp med ein lynande skarp idè, men som regel ein god del meir for å setje denne idèen ut i livet. I vårt tilfelle gjekk det meste av seg sjølv – noko som har gjort godt både for kremmarane sin sjølvtillit og pågangsmot.

Me fann ein mørk haustkveld 2011 ut at det ville vera rart om ikkje ei einaste sjel der utanfor husveggane kunne tenkje seg å forære ein liten slant i bytte mot eit ytterst sjarmerande produkt av vår blømande kreativitet! Etter litt grubling kom me fram til at, tja – ei sjel eller to ville me vel klare å overtale til ein handel, men kan hende var det greit å kunne tilby hakket meir profesjonelle kreasjonar i tillegg til våre eigne. For liksom å få litt meir sjvung over sakene.

Som sagt, så gjort – me kontakta designgenia bak danske Småfolk, og spurte så fint me kunne om dei ville hjelpe oss å realisere draumen om å bli såkalla bygdeagentar på hjul. Det var sjølvsagt ikkje nei i deira munn, og om ikkje så altfor lenge legg me ut på vår fyrste kremmarferd – forhåpentlegvis med campingvogna proppfull av bugnande koffertar fulle av herlege tekstilar. Heime- og bortelaga i skjønn forening – klare som egg til å eit eigarskifte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar