mandag 14. mai 2012
me har lært oss eit nytt ord
"Recipro" - synonymt med vidunderverktøy. Utstyrt med denne vesle sinnataggen av ei maskin, gjekk me i dag til åtak på eitt av kjøkenskåpa i vår kjære Colchester. Og jammen måtte det ikkje gje etter for den innbitte demonteringstronga vår - skruve for skruve! One down, two to go. Vokabularet vårt vart faktisk ytterlegare utvida etter eit besøk innanfor dørene på etablerarkontoret ved Vest-Telemark Næringsutvikling, der me fekk servert velsmakande drops og oppbacking (i tillegg til litt å bite neglar for..!). Til alt overmål har me òg rukke å stifta kjennskap med Lidvar Arvesen pr. telefon - så no nærmar det seg kortterminal, godtfolk!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar