Etter dagar og veker med grubling og finpuss er bestillingslista frå Småfolk sin vinterkolleksjon i boks. Me gjer oss beinharde og vel å satse stort, trykker på send-bestillings-knappen og ler litt smånervøst og lettare hysterisk.
Sydama gjer seg klar for heimreise: "Ja, då har me vel gjort nok skade for i dag!"
Kan hende burde me hatt styret vårt i ryggen, men det er spreidd for alle vindar. Styreleiaren vår befinn seg på vestlandet, der han fis rundt i dykkardrakt, og dei to resterande styremedlemma fis rundt utan. Her er det på sin plass å ynskje Torstein fortsatt god tur - han ruslar rundt i fransk regn og er vandrande turist. Likevel strekkjer han seg meir enn langt for å ivareta sine plikter som styremedlem, noko kremmarane set umåteleg stor pris på!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar