Sommaren må vel strengt tatt kunne seiast å vera på hell... Tøydokka registrerar fortvila at Colchester'n tappert møter den stadig strengare nattekulda, og kremmarane innser at det nærmar seg sesongslutt. Sesongslutt for Colchester'n vel og merke - Om att kviler sjølvsagt aldri heilt, men likevel. Nokre tysdagsope til, ein marknadsdag i Byrte og eit Handelsmøte, så må vogna i hi for vinteren.
Går du med planar om å sjå innsida på vidunderet før vinteren slår kloa i oss, bør du med andre ord ikkje vente altfor lenge med å gjera alvor av nett det! Skulle det ikkje passe for deg med eit besøk når me reklamerar med ope dør, er du meir enn velkomen til å stikke innom ein annan dag. Er Tøydokka heime er vogna ope!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar