- og Tøydokka gjer seg klar til å innta Straumebui på ny! Laurdag sit ho oppe i høgda, medan Thorhild stiller opp som kremmar på sundag. Me gler oss!
Tøydokka har til alt overmål prøva seg som skiltmakar i forkant av ei ny handelshelg - dette med eit noko blanda resultat... Trøysta er at det er av det midlertidige slaget. I mangel på svartmåling måtte ho nemleg ty til spraylakk, og det viste seg overraskande kjapt at graffiti ikkje er noko Tøydokka bør konvertere til i næraste framtid...
Eit form for blikkfang er det i alle fall, så no bør ingen vere i tvil om at Straumebui er ope når det er nettopp det ho er!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar